Informasjonsmøte om skulebruksplanen i kommunestyresalen

Torsdag 3. oktober kl. 20 vert det informasjonsmøte om skulebruksplanen i kommunestyresalen. Grunna tekniske problem i Rubbhallen, der det først var planlagt og annonsert, må møtet flyttast.

Tidslinje og bakgrunn skulebruksplanen 2025

I dette møtet vil kommunedirektøren og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett orientera om bakgrunnen for den nye skulestrukturplanen, og dei forslaga administrasjonen foreslår i planen. I 2021/22 var det rullering av skulebruksplanen og det vart halde fleire folkemøter rundt i krinsane. 

- I haust har me ein enklare prosess fordi den nye planen i stor grad er basert på det grundige arbeidet som vart gjort for to år sidan. Det vert ikkje lagt opp til innspel eller debatt på informasjonsmøtet, men høve til å stilla oppklarande spørsmål. Planen vert sendt på høyring etterpå og der kan alle komma med sine innspel før saka vert skriven til politisk handsaming i desember, opplyser kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer. 

Velkommen til møtet i kommunestyresalen til alle som er interesserte i orientering om skulebruksplanen.

Skulebruksplanen 2025 - Høyringsutkast (PDF, 2 MB)

Skulebruksplanen 2025 - Kostratal for ulike indikatorar grunnskule (PDF, 716 kB)

Skulebruksplanen 2025 - Innsparingar flytting elevar frå Hillestveit (PDF, 226 kB)

Skulebruksplanen 2025 - Innsparingar flytting elevar frå Foldrøy (PDF, 240 kB)

Til toppen