Kommunal høyrselskontakt kan hjelpa deg

Eit høyreapparat som fungerer og vert brukt, er viktig både for deg og dei rundt. Det gir betre kommunikasjon, tryggleik og ein meir aktiv kvardag. Å høyre godt handlar om å vere ein del av fellesskapet – ikkje berre om å få med seg ord.

Bømlo hørsellag har lenge arbeidd for at servicen til brukarar av høyreapparat i Bømlo skal bli betre. Det finns ein kommunal høyrselskontakt som kan hjelpa med mindre problem og større utfordringar blir løyste i samarbeid med Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT Vestland).

Hørsellaget har også kursa folk som kan hjelpa til med mindre ting og dei går no i gong med faste servicedagar den første måndagen i månaden. Her kan du få hjelp til reingjering og skifte av batteri, filter og domer. Ta med delar og utstyr og slå av ein prat. Til praten byr dei også på kaffi og litt å bita i.

Dei neste servicedagane finn stad 3. november og 1. desember i Velferdskjellaren i gamle BBR. Kl. 11:00 – 13:00.

På døra veke 44 - høyrselslaget (PDF, 4 MB)
 

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender for 27. oktober2. november.

 

Om prosjektet På døra

Tema i veke 44 er kommunal høyrselskontakt i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.