Gjeldande arealplan i Bømlo kommune.Kontrollutvalet har bestilt ein revisjonsrapport frå Deloitte for å sjå om Bømlo kommune sin praksis for teljing av bustadar i LNFR spreidd bustad-område er i samsvar med regelverket og den kommunale arealplanen.
I rapporten peikar Deloitte på at kommunen sin praksis er slik at kvar gong det blir oppretta ei ny bustadtomt eller bygd ein ny bustad på landbrukseigedom, tel dette ned på kvoten for kor mange bustadar som kan byggast i LNFR spreidd bustadområde, i tråd med plankartet. Byggjing på tomter som allereie er frådelt i tidlegare planperiodar tel derimot ikkje med på denne kvoten. Deloitte meiner at kommunen må telje både frådelinga av tomt og sjølve byggjeløyvet som ein del av kvoten, for å oppfylla reglane i kommuneplanen.
Deloitte si hovudvurdering er at denne meir strenge tolkinga av reglane, der både frådeling og bygging tel med i kvoten, er den som stemmer best med ordlyden i reglane (§ 7.1.1 i arealdelen av kommuneplanen). Denne tolkinga sikrar også at kommunen held seg innanfor plan- og bygningslova og at omsyna bak LNFR-føremålet blir ivaretekne.
Kommunen vil retta seg etter tilrådingane
Bømlo kommune har tidlegare hatt ei mildare tilnærming når dei har behandla delings- og byggjesaker, men no vil dei følgje tilrådinga frå Deloitte for å sikre at arealføremåla i LNFR spreidd bustadområde blir godt ivaretekne. Kommunen er allereie i gong med å innføre nye rutinar i tråd med tilrådingane frå rapporten.
Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Tone Stavland, seier at rapporten blir eit godt verktøy i arbeidet med den nye kommuneplanen og utforminga av retningslinjer for arealbruk.
Les heile revisjonsrapporten frå Deloitte (PDF, 483 kB)