Krevjande saker i Levekår

Korleis skal Bømlo kommune kunna gje gode helse og omsorgstenester i ei framtid med mindre tilgang på arbeidskraft og strammare økonomiske rammer? Det er bakgrunnsteppe for Hovudutval for levekår som får to særs krevjande saker om sjukeheimstilbod og heimetenester og Habiliteringstenesta i framtida til handsaming 14. mai. 

Kommunestyret har vedtatt å vurdera reduksjon og endring av sjuheimstilbodet for å fristilla ressursar til tiltak for heimebuande og andre førebyggjande oppgåver, samt å vurdera innhald i tilboda. Dette for å kunna gje gode helse og omsorgstenester også i ei framtid med store utfordringar å rekruttera grunna færre i arbeidsdyktig alder. Det vert langt fleire eldre, oppgåver vert i større grad overført frå sjukehus til kommune og dagens økonomiske rammer tilseier at endringar må til. Helse, sosial og omsorg (HSO) har over tid lagt planar for dette, som er forankra godt både fagleg og politisk. 

I sakene som no skal opp i utval for levekår føreslår kommunedirektøren å styrka heimetenestene, dagaktivitetstilbod, førebyggjande arbeid generelt og korttidsopphald på institusjon. Formannskapet vil også bli orientert den 16. mai, og begge sakene skal opp til handsaming i kommunestyret 17. juni 2024.

Sjå møteinnkalling med saksliste Hovudutval for levekår 14.05.2024

Sjukeheimstilbod og heimetenester

I saka  om sjukeheimstilbod og heimetenester (mandat 42) (PDF, 280 kB) blir det tilrådd å gjera både strukturelle og innhaldsmessige endringar, samt ein reduksjon i tal sjukeheimsplassar med verknad frå 01.01.25.

Kommunedirektøren ser det som ein føresetnad å styrka tenester utanfor institusjon for å kunna redusere langtidsplassar og den omstilling som er tilrådd på Bømlo omsorgstun. Faggrupper har over tid arbeida med modeller for å oppretthalda gode tenestetilbod med blikk framover i tid der det vil bli langt vanskelegare å rekruttera arbeidskraft. Det må sikrast gode og berekraftige løysingar for å møta dette.  I arbeid med omstilling på Bømlo omsorgstun blir det viktig å etablera gode nærtilbod for innbyggjarane. Det er naturleg at ei vidareutvikling av tilbodet skjer i nært samarbeid med nærmiljø og tilsette. Eit overordna mål for arbeidet er at Bømlo kommune framleis skal gje gode helse- og omsorgstenester til våre innbyggjarar, samstundes med at me riggar oss for å møta tida som kjem.
 

Habiliteringstenesta i framtida (mandat 26)

Habiliteringstenesta er ei stor teneste målt i tal tenestemottakarar, tilsette og ressursbruk. Området er også prega av stor kompleksitet då tenestemottakarane kan ha svært ulike behov. Tenesta gir bu- og aktivitetstilbod til vaksne over 18 år og har om lag 120 årsverk fordelt på 150 tilsette.

Kommunestyret har vedtatt å vurdera endringar i Habiliteringstenesta (tenester til vaksne personar med utviklingshemming/-forstyrringar) for å kunna møta framtida. I saka Habiliteringstenesta i framtida (mandat 26) (PDF, 149 kB) vert moglege økonomiske gevinstar og innsparingskrav ikkje talfesta. Dette blir belyst i andre saker der justeringar i rammene for Habiliteringstenesta blir vurdert til liks med andre verksemder i kommunen. 

I denne saka har det også vore ei brei samansett arbeidsgruppe som har arbeida fram Rapport og handlingsplan mandat 26 (PDF, 765 kB) for 2024-2025. Det har vore ein open innspelsrunde og brei prosess som har gitt ei god forståing av utfordringsbildet. Arbeidet er gjort med utgangspunkt i Handlingsplan helse-sosial-omsorg 2023-2024 punkt 26. Rapporten peikar på ein retning der nokre tiltak truleg vil vera enkle å gjennomføra, andre kan bli meir krevjande. Dette gjeld særskilt endringar i organisering og tydeleggjering av tenestestandard. 

Til toppen