Kystvakten fjerna kvalkadaveret
- Me har no vore inne i Kalavågen og teke med oss kvalkadaveret, opplyser skipssjef Marius S. Trondal på KV Tor måndag ettermiddag.
Måndag i forrige veke fekk Bømlo kommune melding om eit kvalkadaver inne i Kalavågen etter tips frå ein innbyggjar.
For stort
- Bømlo brann og redning var ute og sjekka kvalkadaveret allereie tysdag føremiddag, men det viste seg å vere for stort for dei å handtere. Me sende då førespurnad til Kystvakta om dei kunne assistera oss, fortel rådgjevar klima og miljø Katrine Strand Sæterbø i Bømlo kommune. Litt før klokka tre i ettermiddag fekk kommunen meldinga frå KV Tor om at no hadde dei teke med seg kvalkadaveret ut av Kalavågen.
Sist endra 02.09.2024 15:29