Legesentra stengt grunna flytting

Bremnes legesenter held stengt onsdag 29. og torsdag 30. januar, og Kystlegane held stengt torsdagen i samband med innflytting i det nye legesenteret Øyane Helsehamn som opnar fredag 31. januar i 2. etasje på HSD-senteret. Sjå under om korleis legetimar vert avvikla desse dagane.

Simon Knutsson Sortland

Denne veka startar innflytting i Øyane Helsehamn. Både Kystlegane og Bremnes legesenter flyttar inn. Øyane Helsehamn opnar fredag 31.1. og alle pasientar tilhøyrande tidlegare Bremnes legesenter og Kystlegane vil frå denne dato henvende seg på felles telefonnummer: 53 42 33 11

Bremnes legesenter er stengt både 29. og 30. januar i samband med flyttinga. For personar tiløyrande Bremnes legesenter som er i behov for legevurdering som ikkje kan venta, må dei ta kontakt med Kystlegane onsdag 29. på telefon 53 42 56 10 og Moster legesenter 30.  januar på telefon 53 42 33 80.

Kystlegane er stengt 30. januar. For personar tilhøyrande Kystlegane som er i behov for legevurdering same dag, må dei ta kontakt med Moster legesenter på telefon 53 42 33 80.

Telefonnummer Øyane helsehamn: 53 42 33 11 (f.o.m. 31.1.25)
Telefonnummer Moster Legesenter: 53 42 33 80
Telefonnummer Kystlegane: 53 42 56 10 (gyldig t.o.m 29.1.25)

PS: Dei pasientane som tidlegare har høyrt til Bremnes legesenter og Kystlegane skal frå og med fredag 31. januar forholda seg til Øyane Helshamn.

Det nye legesenteret Øyane Helsehamn ligg ved HSD-senteret i 2. etg. med besøksadresse Svortlandsvegen 119. 

Til toppen