Om prosjektet På døra
På døra er eit testprosjekt mellom Bømlo kommune og Posten for å prøve ut nye løysingar. av kommunal informasjon
Posten
I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august 2023 med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg inneheld informasjonsskrivet andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut av Posten som testmottakarar. Veke 6 av informasjonsskrivet På døra er ei påminning om at dette pilotprosjektet held fram til St. Hans - veke 25. Kva som skjer vidare etter det er det opp til nasjonale mynde å avgjere.