Morten Helland blir ordførar

Bømlo kommune sin nye ordførar blir Morten Helland frå Kristeleg Folkeparti (KrF) med Ragnfrid Sønstabø frå Høgre (H) som varaordførar. Dei går saman med Framstegspartiet (FrP) og dei tre største partia får dermed eit fleirtal på 15 av 27 i det nye kommunestyret som vert konstituert måndag 16. oktober.

Onsdag kveld sende  KrF, H og FrP ut ei pressemelding om intensjonsavtalen som er vedteken av  styra i alle dei tre partilaga.

Varaordførar får auka stilling

- Høgre, Krf og Frp i Bømlo har i dag inngått ein intensjonsavtale om val av ordførar og varaordførar i Bømlo kommune i kommande valperiode. Morten Helland (Krf) vert valt til ordførar og Ragnfrid Sønstabø (H) vert valt til varaordførar i 60 % av ordførar si stilling på det konstituerande møtet 16. oktober 2023. Varaordførarvervet inkluderar ein tilleggsfunksjon for å ivareta næringsarbeid. Avtalen skal godkjennast i våre partigrupper og avløysast av ein avtale om innhald og funksjon i verva, fordeling av verv i andre organ og organisering av slike. I tillegg skal det utformast eit politisk plattformdokument som arbeidsgrunnlag for det politiske arbeidet i dei neste fire åra, heiter det i pressemeldinga. Den er underteikna av Magne Rolfsnes (Krf), Frode Urangsæter (Frp) og Vidar Onarheim (H).

Dei tre største

Etter finteljinga tysdag kveld var det klart kor mange mandat og kven som skal representere partia i Bømlo kommunestyre i perioden 2023-2027.  Høgre fekk 6 representantar med ein oppslutnad på 21,6%, Krf fekk 5 representantar og 19,6% oppslutnad. FrP fekk 4 representantar og 15,1% oppslutnad. KrF og FrP kan saman med nykomaren Industri- og næringspartiet som får fire representantar kalla seg for valvinnarane. Morten Helland hadde flest slengjarar og personstemmer.

På det konstituerande kommunestyremøtet måndag 16. oktober skal ordførar, varaordførar og formannskap velgast. Der vil Sammy Olsen (Sp) overrekkja ordførarkjedet til Morten Helland som blir KrF sin femte ordførar sidan kommunesamanlsåinga i 1963.

Politisk plattform 2023-2027 - Koalisjonen (H, KrF og FrP) (PDF, 132 kB)

Les meir om kommunestyre og formannskap i Store norske leksikon

Alt om valet 2023 i Bømlo kommune

Til toppen