Synfaring for eigedomsskatt

Synfarar frå Bømlo kommune vil i løpet av månadane oktober - januar gjennomføra synfaring og ta mål og bilde av alle nye skatteobjekt som er komne til i løpet av 2024 for taksering til eigedomsskatt 2025.

Bømlo kommune gjennomførte allmenn taksering av alle eigedomar som er skattepliktige etter lov om eigedomsskatt i 2023.  Synfaringa er ei utvendig synfaring og synfarar vil ha jakke merka Bømlo kommune og ha med seg identifikasjonspapir under synfaringa. Bilete av bygningar på desse eigedomane vil mellom anna vera grunnlag for sakkunnig nemnd si taksering av dei nye takstobjekta. 

Eigedomsskattelistene blir lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars 2025. Dette gjeld både dei nye takstobjekta og alle dei eigedomane som har blitt taksert tidlegare. Dette vil bli kunngjort på nytt ved utlegging av den samla skattelista.
 

Til toppen