Vedtak av Detaljreguleringsplan for bustadområde Vestsio 101/1 mfl. Meling - Planid 202010

Detaljreguleringsplan for bustadområde Vestsio 101/1 mfl. Meling - Planid 202010 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 15.12.2024.

Plankart som viser plassering av ulike føremål som veg, bygg, kulturminne og leikeareal. - Klikk for stort bileteDetaljreguleringsplan for bustadområde Vestsio

Føremålet med reguleringsplanen er å utvide bustadområdet på Meling med rundt 40–50 frittliggjande og konsentrerte bueiningar, samt tilhøyrande trafikk- og leikeareal. Hovudtilkomst til bustadane er planlagt via ei ny avkøyrsle frå Fv. 4998, Hiskavegen. Utbygginga følgjer i hovudsak overordna plan, men nokre bustader vil bli plassert i eit område som tidlegare er regulert til næring, og delar av tilkomstvegen vil gå gjennom LNFR-område. 

Det er kommunestyret som har vedtatt Detaljreguleringsplan for bustadområde Vestsio 101/1 mfl. Meling - Planid 202010. Vedtaket vart gjort i møte den 28.10.2024 i sak PS 81/24.

Planen erstattar del av eksisterande  reguleringsplan for Meling, Planid R-7, delen som er erstatta er derfor oppheva.  

Det er mogleg å klaga på vedtatt plan. Frist for å klaga på planen er 15.12.2024.

Klager kan sendast på papir til:  
Bømlo kommune, Arealbruk,
Rådhuset, Leirdalen 1.
5430 Bremnes

Eller på e-post til:
postmottak@bomlo.kommune.no 

Til toppen