Viktige saker på dagsorden

Denne veka er det politisk møterunde i formannskapet og utvala for levekår og areal og samferdsel. Omorganisering av helsestasjonstilbodet, busetjing i fritidsbustad og interpellasjonar om Bømlo fiskerihamn er blant sakene som kjem opp.

Møte i utval for levekår 3.9.24 tek mellom anna for seg omlegging av drift for helsestasjon, tilstandsrapportar for barnevernet og barnehagane, nye skulereglar og forskrift om hovudmål. 

Møte i utval for areal og samferdsel 4.9.24 tek mellom anna opp sak om busetjing i fritidsbustad og avgrensa høyring av framlegg til reguleringsplan bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. Randi Karin Habbestad (Sp) har sendt inn interpellasjon der ho ber om at miljøgata i Svortland sentrum blir tatt opp igjen for å få gjort endeleg vedtak om reguleringsplan.

Møte i Formannskapet 5.9.24 skal mellom anna handsama Planstrategi Bømlo kommune 2024-2030, TV-aksjonen 2024 til Barnekreftforeninga og fornya løyve til Vinmonopolet. Ein interpellasjon frå Joar Nesse (INP) om næringsutvikling i Hovlandshagen går på ny driftsmodell og selskapsstruktur for fiskerihamna.

Møta er opne for publikum. 

Til toppen