I forslaget til vedtak føreslår kommunedirektøren å samla alle ungdomsskuleelevane på Bremnes ungdomsskule ved at ungdomstrinnet frå Hillestveit blir flytta frå skuleåret 2025/26, og ungdomstrinnet frå Moster blir flytta i 2030/31. Kommunedirektøren føreslår også å leggja ned Foldrøy skule frå hausten 2025. Han ber om å få koma attende med ei eiga sak om vidare bruk eller sal av Foldrøy skule.
Skulebruksplan 2025-2031 - Kommunedirektøren si innstilling til kommunestyret (PDF, 417 kB)
Foldrøy skule vert føreslege lagt ned frå skuleåret 2025/2026.
Simon Knutsson Sortland
Stor nedgang i elevtalet
Bakgrunnen for forslaga i skulestrukturen er at kommunen opplever ein stor nedgang i elevtalet, noko som fører til reduserte overføringar frå staten. I dette tiåret går elevtalet i Bømloskulen ned med over 300 elevar. I år er det 1 634 elevar (2024/25) på skulane våre, men om 5 år vil det berre vera 1 408 elevar (2029/30). Kommunen har ein desentralisert skulestruktur med ni skular, og det er naudsynt å vurdera endringar for å nytta midlane meir effektivt.
Kostnadene til skuledrift blir redusert med om lag 7 millionar kroner kvart år som følgje av endringane frå hausten 2025. Elevane får lengre reiseveg, og auka skyssutgifter er rekna med. Innsparinga kjem frå reduksjon i stillingar til ordinær undervisning. Ressursar til spesialpedagogisk tilrettelegging og til læremidlar og utstyr følgjer elevane.
Elevane sine innspel med i planen
I høyringsperioden har det kome mange høyringssvar, og desse viser at det er stort engasjement i saka og sterke kjensler. Mange av innspela er negative til endringane, og folk uttrykkjer uro for større skulemiljø, lengre skuleveg, redusert fritid, og at bygdene kan bli mindre attraktive å busetja seg i.
- Høyringsinnspela gir kommunestyret innsikt i kva dei ulike partane meiner er viktig. Saman med saksutgreiinga og tilrådinga frå administrasjonen skal politikarane ha eit best mogleg grunnlag for å gjera vedtak til det beste for kommunen. Før høyringsrunden la planen opp til at elevane sine meiningar skulle bli høyrt. Deira høyringsinnspel er no ein del av skulebruksplanen som vert lagt fram for kommunestyret, seier kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.
Ho legg til at dersom vedtak om overføring av elevar vert gjort, vil det bli sett i verk tiltak for å sikra ein god overgang både for elevar og tilsette. Her vil me bruka tidlegare erfaringar med samanslåing og rutinar me har for gode overgangar i skulen.
Kommunedirektøren meiner at endringane er nødvendige for å sikra eit likeverdig opplæringstilbod der ressursfordelinga er jamn nok og skapar gode læringsmiljø for elevane på alle skulane. I tillegg vil rekruttering av kvalifiserte lærarar bli vanskelegare framover, og til vanleg er det lettare å rekruttera til større fagmiljø. Ei slik totalvurdering av tilbodet kan medføra at ein må ta avgjerder som dei involverte i endringane ikkje opplever er til deira beste.