Aktuelt

Trygg på trening

Bremnes idrettslag og Bømlo kommune inviterer til "Trygg på trening" 27. mars. Dette er eit gratis føredrag retta mot alle som har med barn og unge å gjere.

Brannvesen skal få betre opplæring i helseoppdrag

– Psykiatri og trussel om sjølvdrap er eit område me har tatt tak i dei siste åra. Me har prøvd å gje betre opplæring som førebur brannmannskapet i møte med slike oppdrag, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo kommune.

Ny anbodsrunde

Det resterande arbeidet med å ferdigstille hovudbrannstasjonen vil lysast ut i ein anbodsrunde. Sidan konkurransedokumenta ikkje er utarbeida enno, har kommunen ikkje avgjort kva kvalifiserings- og kontraktsvilkår som vil vere gjeldande i denne anskaffingsrunden.

Rutine for utlån av reklamevegg gamle BUS

Den aust-vendte veggen på gamle Bremnes ungdomsskule vert jamleg nytta til annonsering av ulike arrangement med banner/reklameplakatar. Denne rutina regulerer korleis dette skal skje. 

- Me støttar det ukrainske folk

Ordførar Sammy Olsen går i lystog og held appell i Bremnes kyrkje for å markera Bømlo kommune og si støtte og solidaritet til det ukrainske folk då eittårsdagen for Russland sin invasjon vart markert 24. februar.

Innvandring aukar folketalet i Bømlo

Bømlo kommune har auka folketalet med 71 frå førre årsskifte syner siste statistikk frå Statistisk sentralbyrå. Per 01.01.2023 tel me no 12 132 bømlingar. Folketalsveksten er i praksis basert på innvandring, då i hovudsak folk frå Ukraina.

Tid for å tinga pass

- Har du behov for pass så ting time no medan kapasiteten er god, oppmodar politiet. 

Ny vegtrafikk app og sms-varslingsteneste

I dag vart Statens vegvesen sine Vegtrafikkapp og varslingstenester for sms-abonnement på Bømlabrua og Stordabrua aktivert.

Vegsikring i Stongarvågen

Fv 5006 Rolvsnesvegen ved Søre Stongarvågen nord for Rubbestadneset vil i perioden frå 20. februar til 30. mars bli stengt i periodar på inntil ein time grunna sikringsarbeid i fjellskråning.

Varslar heftige vindkast

Yr.no har sendt ut farevarsel på oransje nivå for Bømlo fredag 17. februar. Dette betyr at vindkasta kan kome opp i mellom 35-40 m/s.

Til toppen