17. mai i Bømlo kommune

Nasjonaldagsfeiringa må bli over same leist som i fjor då Regjeringa har kunngjort at samfunnet framleis vil vere på nivå ein i gjenopningsplanen på 17. mai.

- 17.mai-tog blir rekna som arrangement og me tilrår ei markering som liknar på den i 2020. Hovudmålet må vere at folk held seg med sine vanlege nærkontaktar og held avstand til andre, og der det er mogleg å halde oversikt over kven som har vore i kontakt med kven. Eit smittetilfelle i eit stort arrangement vil føre heile bygda i karantene, og det må me unngå, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Ho peikar på at i nivå ein i gjenopningsplanen gjeld følgjande reglar:

  • Sosial kontakt/private heimer: «Avgrense sosial kontakt. Oppmoding til å møtast utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunna halde avstand. Barn i barnehager og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.»
  • Private arrangement: «Inntil 10 personar innandørs på offentleg stad eller i leigde/lånte lokaler. Inntil 20 personar utandørs. Arrangement som samlar personer frå fleire kommunar, bør utsetjast eller avlysast.»
  • Offentlege arrangement: «Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune. Inntil 100 på innandørs arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar. Inntil 200 personar på arrangement utandørs.»

Kreative løysingar

- Gode alternativ kan difor vere båtkortesje, bilkortesje, lokale utandørs leikearrangement for barn som leikar saman til vanleg, eller andre kreative løysingar slik bømlosamfunnet synte i fjor. Sjå digital feiring av 17. mai i 2020 "Fagert er landet"

Kommuneoverlegen minnar om følgjande:

  • Lokale markeringar bør skje utandørs.
  • Ha oversikt over dine eigne nærkontaktar. Er du arrangør, må du ha oversikt over deltakarar.
  • Det vil framleis vere ein risiko for at det dukkar opp smittetilfelle som vi ikkje har kontroll på, og som gjer det naudsynt å stenge ned deler av kommunen. Ein må være førebudd på at ting kan bli avlyst.
  • Offentlege arrangement innandørs er lov dersom alle sit på fast tilviste plasser og med minst ein meter avstand frå skulder til skulder for dei som ikkje er i same husstand. Det vil ikkje vere lov med program som t.d. leiker eller anna som gjer at folk vandrar i lokalet, heller ikkje buffet-servering eller sal av mat. Det kan ikkje vere fleire deltakarar enn at naudsynt avstand kan haldast.
  • Dersom ein vil ha lokale aktivitetar, må det organiserast slik at dei som er saman til vanleg kan være nær kvarandre, men halde avstand til andre, t.d. kohortar i skule og barnehage. Eit lite lokalt 17.mai-tog i nabolaget kan bli gjennomført på den måten, med god avstand til andre grupper, både for dei som går i tog og for dei som ser på. Større 17. mai-tog som samlar publikum er ikkje tilrådd.

Smittestopp-app viktig verkty

Bømlo kommune tilrår folk å lasta ned smittestopp-appen frå FHI. Den kan vere nyttig etter ein slik dag dersom folk tross alt samlast.

Last ned Smittestopp her

Smittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI). Den skal bidra til å hindra at koronaviruset sprer seg i samfunnet, og er heilt friviljug å bruka. Appen har 16-års aldersgrense.

skjermdump YouTube sju damer med norske flag står på fjell og syng - Klikk for stort bilete 

Til toppen