23 vil bli lærlingar

Bømlo kommune hadde fått inn 23 søknadar til 12 lærlingeplassar frå hausten 2017. Søknadane fordelte seg med 6 til barne- og ungdomsarbeidarfaget, 12 til helsefagarbeidarfaget og fem til IKT-faget. 

Stand utdanningsmessa 2017 (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

I tillegg har kommunen fått inn fleire søknadar via Samordna opptak. For tida er det inne ein lærling på kontormedarbeidarfaget, ein som institusjonskokk, tre på IKT-faget, tre på barne- og ungdomsarbeidarfaget og åtte på helsearbeidarfaget.

 

- Me aukar til 12 nye lærlingar frå 2017 mot sju som har vore det vanlege i fleire år, opplyser personalrådgjevar John Helge Møgster. Kommunen har i tillegg eit samarbeid om lærlingar med NAV Bømlo.

Sist endra 09.03.2017 15:16
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 13
Mobil:
959 42 166
Tittel:
personalrådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering