Koronavirus - informasjon

Siste nytt om koronasituasjonen

Vaksinetelefon
53 42 30 02

Ope kvardagar kl. 13.00-15.00
Vaksinering skjer onsdag og torsdag.

Vaksineregistrering

Les meir om opningstider i sommar

Koronatelefon
53 42 30 01

Ope måndag-onsdag-fredag

Tlf.tid: 08.30-11.30. Testing frå kl. 12.00

Information in other languages

 

240 dosar til nyvaksinering for 55-64 åringar

Bømlo kommune får 40 glas (240 dosar) for nyvaksinering Dose 1 i veke 23, andre veka i juni. Me er då i gang med å vaksinere gruppe 8 -  alder 55-64 år. Det er i tillegg 52 glas (312 dosar) til dose 2.

I denne veka (veke 22) får kommunen tilbydd vaksine til alle som gjenstår med underliggjande sjukdomar i aldersgruppa 18-64 som er meldt inn av fastlege.

- Når me no får 240 dosar til 1 dose betyr det at me ikkje har fått full stopp i nyvaksineringa før planlagt massevaksinering i fellesferievekene 29, 30 og 31 slik det tidlegare såg ut som me ville få, opplyser vaksinekoordinator Liv Turid Steinsbø Halbmayr.

- Hugs å registrer deg

Halbmayr opplyser vidare at det totalt er 6892 personar som har registrert seg. Bømlo kommune opererer med ca. 9000 personar som skal vaksinerast. Fleire av desse er/har blitt kontakta per telefon. 

- Denne veka skal me tilby time til unge vaksne med underliggjande sjukdomar, og blant desse er det ein god del som ikkje har registrert seg. Det lettar arbeidet vårt om folk registrerar seg, oppmodar Halbmayr.

Er du registrert vil du få innkalling til vaksinetime ein onsdag eller torsdag som er vaksinedagane i Bømlo kommune.

Registrer deg for koronavaksine

Informasjon om koronavaksine i Bømlo kommune

Vaksinekalender

- Bømlo kommune har laga ein kalender for vaksinering av befolkninga der ca. 9000 personar skal vaksinerast. Kalenderen syner innan kva tidsrom me reknar med å få vaksinert alle innan dei ulike prioriteringsgruppene. Atterhaldet er at Norge får dei vaksinedosane dei er førespegla, og at det ikkje skjer stans i leveransane. Når leveransane er komen til landet får kommunane ti dagars varsel på kor mange dosar dei får. Då kan me kalla inn til vaksinering. Jo fleire som er registrert i systemet vårt jo lettare vil det bli å halda framdrifta i vaksinasjonsprogrammet, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.estimert vaksinekalender bømlo - Klikk for stort bilete

Til toppen