312 vaksinedoser dei neste to vekene - 05.02.2021Bømlo kommune får tildelt 26 hetteglas av koronavaksine både i veke seks og sju. Det er 52 glas eller 312 vaksinedoser som skal gis fram til 21. februar. Ved 26 hetteglas tildelt i veke 7 vil halvparten gå til dose 2 for dei som blei vaksinert i veke 4. Det betyr at det blir færre førstegangsvaksiner enn i veke 6. Status koronavaksinering Alle på institusjon som har ønska vaksine er no vaksinert med 2 dosar Det er satt 330 dosar til dose 1 og 96 dosar til dose 2. Av alle vaksinerte er ca 20 % helsepersonell. Alle over 85 har fått tilbod om vaksine og blir vaksinert i løpet av denne og neste veke. Dersom nokon over 85 år ikkje er blitt kontakta ber me dei ta kontakt med vaksinetelefonen for time. I veke 6 og 7 vil gruppa 80-85 år få sms om å setje seg opp på time for vaksinering. FHI publiserer statistikk over antal dosar satt per kommune både dose 1 og 2. Oppdaterast dagleg kl. 13.00 Ulike vaksineringsscenario FHI har utarbeidd ulike scenario for framdriften i koronavaksineringa. Denne vaksinekalenderen vil endra seg stadig. Kven kan få koronavaksine og når forventa me å kunna vaksinere ulike grupper? Registrer deg for vaksinering Me oppmodar alle over 18 år om å registrere seg for å få koronavaksine. 3866 personar har pr 5. februar 2021 registrert at dei ynskjer Covid-19 vaksine. Registrering for koronavaksine Kontakt Liv Turid Steinsbø Direkte tlf: 53 42 33 35 leiande helsesjukepleiar E-post: liv.turid.halbmayr@bomlo.kommune.no Sist endra05.02.2021 10:47