Aktuelt

Moloen klar for byggjestart

Vassbakk & Stol AS fekk kontrakten frå Vestland fylkeskommune om å byggja moloen til fiskerihamna i Hovlandshagen innanfor ei øvre ramme på 165 millionar kroner. Arbeidet omfattar bygging av ein 500 meter lang molo med kai og ei djupne på 40 meter. 

Unngå spenning langs vegen

Ungdomsrådet og Finnås kraftlag samarbeider om reflekskampanje 

Champagnestart for sykkel-vm

Kort- og rehabiliteringsavdelinga (KOR) ved Bømlo bu og helsesenter markerte starten på VM i Road Worlds for seniors, eller sykkel-vm, ved å spretta champagneflaska i dag 6. september klokka 10.00. Jostein Nesse fekk æra av å sykla første etappe Storavatnet rundt.

Asfaltering av kommunale vegar

Teknisk drift skal frå 13. september og utover asfaltere ca. 2,9 kilometer på kommunale vegar. 

Nytt telefonnummer til Bremnes legesenter

Bremnes legesenter har no telefonnummer 468 53 176 . Det gamle fasttelefonnummeret verkar også inntil vidare.

Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart 

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart

Velkomen til skulestart

Velkommen til nytt skuleår. Grunnskulane i Bømlo startar opp måndag 16. august.

No får du digitalt valkort

Denne veka sender Valdirektoratet ut 3,5 millionar digitale valkort. - Dette markerar starten på valet, seier direktør Bjørn Berg. Frå den 10. august er det mogleg å førehandsrøyste til årets stortingsval i alle kommunane i landet. Før den tid sender Valdirektoratet ut valkort til alle som kan røyste.

Ferdsel på islagt vatn

Ferdsel på islagt vatn kan vera svært risikabelt. Kommune eller brannvesen kan ikkje gje garantiar for trygg ferdsel på ein spesifikk plass. Dette må du vurdere sjølv, og all ferdsel på isen skjer på eige ansvar.

Innbyggjarundersøking om reiseliv

Visit Sunnhordland gjennomfører innbyggjarundersøking. Bakgrunnen er å gjera regionen meir berekraftig som reisemål.

Til toppen