Aktuelt

Vil sikra attraktivt butilbod på Langevåg

Bli med å bidra til å sikra eit meir attraktivt butilbod på Langevåg ved å delta i undersøkinga til Langevåg utvikling. Denne vert gjennomført for å få innspel og innsikt i utvikling av framtidas butilbod. 

Falske e-postar om helseundersøking

Folkehelseinstituttet (FHI) åtvarar mot å opna falske e-postar som kan sjå ut som ei helseundersøking frå dei. - FHI har ikkje sendt ut ei slik undersøking, og me tilrår mottakarane å ikkje klikka på lenkjene, seier assisterande direktør Gun Peggy Knudsen.

SFO-søknad

Bømlo kommune tek frå i år i bruk Vigilo sitt system for søknadar til skulefrititidsordninga (SFO). Det er no opna for SFO-søknadar til skuleåret 2021/2022. Søknadsfrist er 15. mai.

Meistringskurs om tankar, humør og handlingar

Tankeviruskurs er eit nyttig og gøyalt meistringskurs om korleis tankane og merksemda di verkar inn på humøret og handlingane dine. Dette er eit gratis kurs som passar for alle som ynskjer å lære meir om korleis tankane og merksemda påverkar humøret og handlingane våre.

Kulturskulen opnar for alle fag måndag 12. april - 09.04.2021

- Kulturskulen opnar for undervisning i alle fag f.o.m måndag 12. april, opplyser ein nøgd rektor Stein Høyland. Ein til ein undervisning har halde fram i dei siste tre vekene der all gruppeundervisning har vore stengt.

Innbyggjarundersøking om reiseliv

Visit Sunnhordland gjennomfører innbyggjarundersøking. Bakgrunnen er å gjera regionen meir berekraftig som reisemål.

Feil i faktura for eigedomsskatt og feiing - 26.03.2021

Folkehelseprofil for Bømlo kommune 2021

Fysisk aktivitet er tema for årets folkehelseprofilar Folkehelseinstituttet (FHI) har publisert for kommunar og bydelar. Den slår fast at kommunen kan leggja til rette for meir fysisk aktivitet. FHI understrekar at all statistikk i folkehelseprofilen må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve.  

Nær 14 millionar i tilskot til kommunane Stord, Bømlo og Fitjar

Stord, Fitjar og Bømlo har i dag fått melding frå Bufdir om at dei tre samarbeidskommunane har blitt tildelt kr 13.810.000,- i tilskot til forsøk med fritidskort haust 2021 og vår 2022.

Større boltreplass på Meling skule

Skuleåret 2021-2022 vil Meling skule ta imot elevar og tilsette i ein oppgradert og ny bygning med mellom anna  to nye klasserom, grupperom, nytt kontor for skulehelsetenesta og nytt areal for skulefritidsordninga. Lærarane får moderne arbeidsplassar og i tillegg vert det nye leikeapparat på uterområdet. Total kostnadsramme er på 28,4 millionar kroner.

Til toppen