Aktuelt

Over 12.000 bømlingar

Sterk folkevekst i 1. kvartal 2021 gjer at Bømlo kommune pr. 30. april har 12.001 registrerte innbyggjarar. Folkeveksten er på 48 personar, der fødselsoverskotet er 15 og nettoinnflytting er 33. Det vart født 35 bømlingar og 20 døydde.

- La gamle bygg stå i fred

- Me ser at ungdomen kan finne det spennande å ryna seg ut på gamle bygg dei kanskje trur skal rivast uansett. Det er likevel ikkje greitt å drive hærverk på desse, og det kan tilmed innebere fare då du kan skada deg.

Lokal skog- og brannfare

Fram til det kjem nedbør av betydning er det fare for lokale skog- og lyngbrannar. Ver difor forsiktig med open eld. 

Velkomen til Kurebu!

Endeleg har me opna dagsturhytta på Goddo for publikum - og håpar mange har lyst til å ta turen hit.

Vil sikra attraktivt butilbod på Langevåg

Bli med å bidra til å sikra eit meir attraktivt butilbod på Langevåg ved å delta i undersøkinga til Langevåg utvikling. Denne vert gjennomført for å få innspel og innsikt i utvikling av framtidas butilbod. 

SFO-søknad

Bømlo kommune tek frå i år i bruk Vigilo sitt system for søknadar til skulefrititidsordninga (SFO). Det er no opna for SFO-søknadar til skuleåret 2021/2022. Søknadsfrist er 15. mai.

Meistringskurs om tankar, humør og handlingar

Tankeviruskurs er eit nyttig og gøyalt meistringskurs om korleis tankane og merksemda di verkar inn på humøret og handlingane dine. Dette er eit gratis kurs som passar for alle som ynskjer å lære meir om korleis tankane og merksemda påverkar humøret og handlingane våre.

Innbyggjarundersøking om reiseliv

Visit Sunnhordland gjennomfører innbyggjarundersøking. Bakgrunnen er å gjera regionen meir berekraftig som reisemål.

Folkehelseprofil for Bømlo kommune 2021

Fysisk aktivitet er tema for årets folkehelseprofilar Folkehelseinstituttet (FHI) har publisert for kommunar og bydelar. Den slår fast at kommunen kan leggja til rette for meir fysisk aktivitet. FHI understrekar at all statistikk i folkehelseprofilen må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve.  

Nær 14 millionar i tilskot til kommunane Stord, Bømlo og Fitjar

Stord, Fitjar og Bømlo har i dag fått melding frå Bufdir om at dei tre samarbeidskommunane har blitt tildelt kr 13.810.000,- i tilskot til forsøk med fritidskort haust 2021 og vår 2022.

Til toppen