Aktuelt

Grasbrann på Aga - etterslokking pågår

Etterslokking av gras- og lyngbrannen på Aga vil halde fram ei tid framover då det framleis er fare for at den kan blussa opp igjen.

Slutt på koronasertifikat

EU avviklar ordninga med koronasertifikat frå 30. juni 2023. Frå denne dato vil ikkje setifikatet lenger vera tilgjengeleg for norske innbyggarar. 

Må endra for å oppretthalda gode tenester

- Bømlo kommune kan vera stolt over å ha bygd opp gode tenester og prioritert ressursar til personar med utviklingshemming, men i ei framtid med større ressursutfordringar og mangel på arbeidskraft vil tenesta kunna bli ramma hardt om me ikkje gjer endringar. 

Beredskapsøving for kommunal kriseleiing 

Om føremiddagen tysdag 6. juni vart det gjennomført ei varsla beredskapsøving i kommunen.

Ingen avvik knytt til bekymringsmeldingar til barnevernet så langt

Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB) er av dei barneverntenestene som nyttar Visma Familia. Etter at det vart avdekka i Bergen kommune at nokre elektroniske bekymringsmeldingar til barnevernet ikkje var registrerte, har det vore arbeidd med å finne ut av om dette også gjeld Bømlo kommune. 

Har du kommunal nøkkelboks?

I Bømlo kommune har me i fleire år hatt kommunal nøkkelboks på veggen til tenestemottakar som har heimetenester av ulik grad, slik at heimetenestene sitt personale og Bømlo brann og redning kan kome seg inn i heimen ved tenestebesøk.

Etablerer utviklingsselskap for fiskerihamna

Etter å ha diskutert ulike løysingar landa eit samla formannskap på å etablere Hovlandshagen utvikling AS i lag med Karmsund havn IKS i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg. Ein føresetnad for etableringa er at det snarast må setjast i gang sal av eigedomar som inngår i planområdet til lokale næringsinteresser.

Test av nasjonalt nødvarsel

Onsdag 14. juni klokka 12 vert det test av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile Norge i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Vegreparasjon i Foldrøydalen

Teknisk drift byrjar i dag 30. mai med å reparere ei stikkrenne i vestre ende av Foldrøydalen–Stokkabekkvegen.

Tre lag får 5000 kroner

- Tusen takk til alle som har svart på spørjeundersøkinga om erfaringar og behov i lag og organisasjonar. Dei tre som blei trekt ut for å motta 5000 kroner i driftsmidlar til sitt lag er Mannskoret Havdur, Moster sogelag og The Jokers. Me gratulerer.

Til toppen