Aktuelt

Ferietilskot til ledsager

Kommunestyret har oppretta eit feriefond der menneske med nedsett funksjonsevne kan søkja om feriestøtte til ledsager. 

Bømlo toppar kommunekåring i si gruppe

Eit variert næringsliv nært knytta til ein sterk arbeidsmarknad, folketalsauke og ein relativt ung befolkning gjer at Bømlo kommune tronar øverst på pallen i si gruppe i WSP Norge si første kåring av robuste kommunar - "Regionenes kamp 2022". - Svært gledeleg, seier ordførar Sammy Olsen.

Stadig fleire bømlingar

Det blir stadig fleire bømlingar. Folketalet aukar med 58 frå 12 132 til 12 190 per første kvartal 2023.

XL-Bygg er miljøfyrtårn

XL-Bygg Kr. Steinsbø AS er no eit sertifisert miljøfyrtårn. – Gratulera. Dette vil gjere dykk endå meir konkurransedyktige, sa ordførar Sammy Olsen då han fredag overrekte det synlege provet til dagleg leiar Geir Steinsbø.

Bømlo kommune regodkjent som trafikksikker kommune

Bømlo kommune fekk 8. mai besøk av Trygg trafikk, som kunne gratulere kommunen med tre nye år som trafikksikker kommune.

Heidra veteranar og minnast dei falne

Det var mykje folk samla ved minnesmerket utanfor Bømlo kyrkje under markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai. FN-veteranane Erling Eide og Jan Harold Rydningen fekk overrekt forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar. Minnestunda vart leia av dyktige 9. klassingar frå Hillestveit skule og ordførar Sammy Olsen heldt appell. 

Full utteljing for 1000-årsjubileet

- Grunnfinansieringa har vore ei tung bør på skuldra vår, men no har dette ordna seg fint slik at me no kan konsentrera oss om å laga eit fantastisk jubileum. Slik oppsummerte styreleiar Per Bjørn Habbestad i Moster 2024 gladmeldinga som statsråd Kjersti Toppe personleg overrekte i Moster amfi måndag 8. mai. 

Ungdomsrådet i Kristiansand

Dei fyrste dagane i mai deltek ungdomsrådet i Bømlo på ei samling i Kristiansand i regi av nettverket «aktiv fritid for alle».

Ny leiar for Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling

Agata Kapuścińska har takka ja til stillinga som dagleg leiar for Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling.

God plan for å møta helseutfordringane framover

- Dette er ein revisjon av planen bygd på erfaringar me har gjort oss dei siste ti år og har teke inn i seg dei utfordringar me ser for oss framover. Me skal i tillegg vedta ein handlingsplan for det komande året med konkrete tiltak som skal prioriterast. Dette har vore ein ryddig, god og lærerik prosess med brei medverknad, konstaterte Jørgen Søvold (H).

Til toppen