Aktuelt

Feil i faktura for eigedomsskatt og feiing - 26.03.2021

Nokre av våre kundar har motteke elektronisk faktura for skatt og eigedomsavgift i dag  26.03.2021 . Denne fakturaen er diverre feil, me ber difor at de slettar fakturaen. Nye faktura vert sendt ut etter påske. Me beklagar feilen!

Status koronasituasjon 27.03.2021

Ingen nye smittetilfelle meldt. Fredag 26. mars vart  21 personar testa, der ein av desse som nærkontaktar.

Status koronasituasjon 28.03.2021

Ingen nye smitttetilfeller meldt. Ingen personar testa 27. mars.

Oppdatering: Vente-karantene ved Rubbestadneset skule - 23.03.2021

Personen som er nærkontakt har testa negativt på hurtigtesten. Me vil likevel avvente svar på PCR-prøva før me ønskjer elevane velkommen attende til skulen. Me ventar endeleg prøvesvar i løpet av morgondagen. Det vil dermed bli digital heimeopplæring for elevane på 5. trinn også i morgon.   

Status koronasituasjon - 23.03.2021

Måndag 22.03.21 vart det totalt testa 47 personar, og av desse var ni nærkontaktar.   Prøvesvara for testane på måndag forventast innan føremiddagen onsdag 24. mars.

Folkehelseprofil for Bømlo kommune 2021

Fysisk aktivitet er tema for årets folkehelseprofilar Folkehelseinstituttet (FHI) har publisert for kommunar og bydelar. Den slår fast at kommunen kan leggja til rette for meir fysisk aktivitet. FHI understrekar at all statistikk i folkehelseprofilen må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve.  

- Me må halda ut litt til – 09.03.2021

- Bømlo kommune har vore heldig og innbyggjarane flinke til å halda smittevernreglane slik at koronasituasjonen har vore under kontroll. No må me alle leggje inn eit ekstra gir slik at me kan halda fram slik, oppmodar smittevernlege Kjersti Follesø.

Bømlo og AstraZeneca-vaksinen – 12.03.2021

Folkehelseinstituttet (FHI) varsla torsdag 11. mars stans i utsending av AstraZeneca-vaksinen (AZ-vaksinen) til kommunane. Bømlo kommune har så langt motteke 330 dosar av AZ-vaksinen, og desse er gitt til kritisk helsepersonell.

Har du registrert deg for koronavaksine - 10.02.2021

Bømlo kommune oppmodar alle i alderen 18-84 år om å registrere seg for å få vaksine mot covid19.  Til no er berre i underkant 4000 personar registrerte. Registreringa vert nytta til å tildele time til dei som ønskjer vaksine.

Status koronasituasjon 19.03.2021

Det er ikkje meldt om nye smitta. 59 personar testa ved koronasentralen siste døgn. Sju av desse er testa som nærkontaktar.

Til toppen