Aktuelt og kunngjeringar

Stengjer parkeringsplassen torsdag

Grunna merking av asfalt i samband med brannstasjonsprosjektet, vil både øvre og nedre parkeringsplass ved rådhuset verte stengt førstkomande torsdag 25. april.

Torunn blir ny kommunalsjef

Torunn Laurhammer er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune frå 1. august. 

Flott 60-årsmarkering for Hillestveit skule

Elevar og stab med støtte frå foreldre og bygda stelte i stand ei imponerande 60-årsmarkering for den gamle delen av Hillesteveit skule torsdag 18. april. Frå inngangen på raud laupar akkompagnert av Hillestveit skulekorps vart den gamle gymsalen fylt til randen av jubileumsgjestene.

Sykle til jobben-aksjonen

Bømlo kommune og Velferdsklubben har i år gått saman for å sikra gratis deltaking for alle innbyggjarane våre i årets Sykle til jobben- aksjon i tidsrommet frå 3. mai til 16. juni. All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel.

Grendeutvala vil samarbeida tettare

- Det er viktig å møtast og snakkast saman for å utveksle erfaringar, helsa ordførar Morten Helland då han opna det årlege dialogmøtet mellom grendautvala og kommunen nyleg. Samarbeidsmøter mellom dei ulike krinslaga og grendeutvala utanom dette årlege møtet er noko dei no ynskjer å satsa på.

Hjelpemidlar frå hjelpemiddellageret

Har du nedsett funksjonsevne kan du låne eit hjelpemiddel som kan gje deg betre funksjon, eller kompensera for tapt funksjon.

Dialogmøte om framtidige bustadar

«Bustader for framtida – kven bygger me til, og påverkar det kva me byggjer?». Det er spørsmålet Bømlo kommune i samarbeid med Atheno delA-byggfagforum stiller når dei inviterar entreprenørar som legg til rette for uteområde, arealplanleggjarar, utviklarar, arkitektar og byggenæring til dialogmøte 25. april i kommunestyresalen. 

Redusert kapasitet på byggesak

Det er for tida redusert kapasitet på avdeling for byggesak. Kundar må rekna med at det tek ekstra tid å få svar på spørsmål og søknader.

Hugs generelt bålforbod

Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg. 

Ekstrainnsats for like høve i 2024

Inkludering er føremålet i år der Bømlo idrettsråd fordelar 132 335 kroner til barneidretten i Bømlo kommune.

Til toppen