ABCD-festival i Bømlo

Feiring, frampek og felles diskusjonar då Bømlo markerte slutten på første del av folkehelseprogrammet

ABCD står for Asset Based Community Development og er ein styrkebasert tilnærming om å utvikla samfunnet ved å ta utgangspunkt i kva styrkar og ressursar me har å spela på, ikkje kva som er problemet eller utfordringane.

Denne veka samla barn og unge, pedagogar, grendautval, frivilligsentral, Blåkors, diakoni, Moster 2024 og tilsette i kommune, fylke og høgskule seg for å feira styrkebasert arbeid i nærmiljø og kommunar og diskutera vidare samarbeid.

Bømlasamling

Bømlo kommune starta å jobbe med utgangspunkt i ABCD-metoden i samband med prosjekt for helsefremjande nærmiljø. Sidan dette har ABCD-metoden vore grunnlag for ei rekkje prosjekt, prosessar og satsingar. Mange innbyggjarar, lag, organisasjonar og grendautval og kommunalt tilsette har delteke på kurs og aktivitetar i samarbeid med fagseksjon for samfunnsarbeid ved Høgskulen på Vestlandet og Nurture Development. Les meir om korleis Bømlo brukar ABCD på nettsida om medverknad i Bømlo

Folkehelseprogrammet er ei nasjonal satsing der Bømlo er ein av kommunane som testar ut tiltak for å styrka psykisk helse. Bømlo sine prosjekt handlar om medverknad og deltaking for god trivsel og livskvalitet for alle barn og unge. Tysdag morgon mimra og feira elev- og ungdomsrådsrepresentantar, pedagogar, grendautval og tilsette i kommunen om prosessane og resultata etter seks år med ABCD. Me fekk sjå filmar, høyra historiar og diskutera erfaringar. Cormac Russell kjenner både ABCD-metoden og Bømlo svært godt og var tilbake på norsk jord for første gong sidan pandemien starta. Han leia oss gjennom diskusjonar, heidra arbeidet me har gjort og utfordra oss på å jobba vidare med å sjå kva ressursar me har i nærmiljø og skular og kopla desse saman i vidare arbeid. Særleg vektla han korleis unge Bømlingar både får lov til og tar rolla som medborgarar og korleis det gir oss eit viktig grunnlag. Les meir om folkehelseprogrammet i Bømlo på våre nettsider om Folkehelse

Deltakarar samla i Kommunestyresalen i diskusjon med Cormac Russell - Klikk for stort bileteTysdag samla elev- og ungdomsråd, pedagogar, grendautvalsrepresentant, rektorar og tilsette seg for å feira og dela erfaringar med ABCD-metoden i Bømlo Lene Borgen Waage Russefeiring utan merkelappar?     Elevar samla rundt bord i fellesarealet på Bømlo vidaregåande - Klikk for stort bileteVG1 og VG2 diskuterte tysdag korleis me kan unngå å setja merkelappar på kvarandre og bruka ressursane i elevgruppa i russetida Eline Nitter

På eit av ABCD-kursa våren 2022 løfta deltakarar fram den nasjonale utfordringa med ekskludering i russefeiringa og spurte seg korleis me kunne bruka ABCD som inngang til å jobba for ei inkluderande russetid i Bømlo.

Første steg vart ei samling med alle frå VG1 og VG2 ved Bømlo vidaregåande som del av ABC D-festivalen.

Saman med Cormac Russell og rådgivar for folkehelse og frivilligheit diskuterte elevane kva bruk av merkelappar gjer med oss og ikkje minst kartla dei kva ressursar dei sitt med som dei kan ta i bruk når dei skal forme si russetid.  

Deltakarar med ulike roller frå heile fylket

På ettermiddagen tysdag var det klart for eit døgn med ABCD-feiring på tvers av kommunegrensene, då snøggbåten la til kais. Her møttest deltakarar frå Askøy, Solund, Stord, Vestland fylke, Høgskulen på Vestland og Bømlo med ulike roller og bakgrunnar: Her var ungdomsrådsrepresentantar, tilsette med Barnas stasjon, frivilligsentral, grendautval, pedagogar, forskarar, diakon, Moster 2024 og tilsette i ulike delar av kommune og fylke. Dermed fekk me bli kjent med ulike døme og ulike perspektiv gjennom erfaringsdeling, øvingar og diskus jonar.

Ruslemaking

Fyrst fekk me alle gå i fotspora til barnehageungane i Maurtua. Britt Kristin Mæland frå Maurtua guida oss fram til Gullskaret og fortalde korleis ruslemakinga både har gitt ungane ein flott plass å vera og ikkje minst ei stemme for å forma sin barnehagakvardag og sitt nærmiljø. Også veldig spennande å høyre korleis barnehagen har kopla seg saman med elevar ved Bremnes ungdomsskule og folk frå heile Bømlo og fått utstyr og arbeidskraft til å utvikla plassen. Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker let oss vidare få meir innsikt i metoden Ruslemaking med vandring ned til kulturhuset. 

Gruppe med folk i skogsområde der det er hengekøyer av fiskenot og andre aktivitetar for barn og unge - Klikk for stort bilete
Deltakarar som lyttar til samfunnsplanleggjaren då han fortel om Ruslemakingsmetoden - Klikk for stort bilete

Erfaringsdeling og refleksjonar om og med ABCD-metoden

Etter at kommunalsjef Bjørn Hå vard Bjørklund hadde vist oss rundt i biblioteket, var det klart for felles refleksjonar om og med ABCD-metoden. Deltakarane fann saman med andre som dei ikkje kjente frå før gjenno m historiar f rå sine nærmiljø og ein ting dei hadde tatt med seg som viste noko dei var stolte av. Til sist kom me fram til ei felles skildring av kva ABCD er gjennom å danne grupper der dei med kort og lang erfaring med metoda møttest. Etter ein runde der dei med lengst erfaring forsøkte å skildra metoden med stikkord og korte refleksjonar, oppsummerte dei med kort erfaring det dei hadde høyrt. Eit av svara me kunne høyre var: «ABCD er at folk kan gjera mykje med sine fysiske og psykiske ressursar, viss dei får lov til å velja sjølv». Dag ein vart avslutta med ein velfortent og hyggeleg middag på Bømlo hotell.

Deltakarar sitt i Bømlo folkebibliotek og lyttar til Cormac Russell - Klikk for stort bileteDeltakarar var kjent og delte erfaringar med ABCD i biblioteket Lene Borgen Waage

«Oppdag», «kopla» og «mobiliser» – I teori og praksis

Dag 2 starta Cormac Russell med ei innleiing der han delte historiar om tre sentrale omgrep innanfor ABCD: «Discover» (oppdag), «Connect» (kopla) og «Mobilize» (Mobiliser). Inger Helen Midtgård frå Høgskulen på Vestlandet leia oss vidare gjennom ei øving der me vart betre kjent med kvarandre og kva me bryr oss om og ønskjer å jobba med. Me danna då fyrst ein kalenderring, der me stod i rekkefølge etter når på året me var født, før me vart kjent med og presenterte sidepersonen og kva hen interesserer seg mest for. Dei med interesser som likna på kvarandre fann så saman for å diskutera korleis me kan jobbe vidare. Slik fann me saman på tvers av kommunegrenser, rolle og alder og Cormac Russell utfordra oss på å sjå korleis me kunne sjå ressursane og interessene att i framtidige prosjekt.

Me avslutta eit døgn med ABCD med oppsummering frå Vestland fylke og Høgskulen på Vestlandet før kontaktinformasjon og inntrykk vart delt over felles lunsj og snøggbåten tok med seg tilreisande nordover.

Til toppen