Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Aktivitetar og arrangement for aldersgruppa 65+

No kan grendautval, lag og organisasjonar søkja på midlar til aktivitetar og arrangement for 65+

Bømlo kommune har fått midlar frå Helsedirektoratet øyremerka aktivitetstiltak retta mot aldersgruppa 65+. Midlane skal brukast for å leggja til rette for auka aktivitet og auka sosial deltaking i perioden med koronapandemi. Eldrerådet og Bømlo pensjonistforeining har, saman med frivilligsentralen og fleire andre, gitt innspel til korleis midlane bør nyttast.

På grunn av stadige innstrammingar og nedstengingar har det vore krevjande å setja i gang aktivitetar, men desto viktigare er det å gjera oss klare til å gjennomføra aktivitetar når dette er mogleg. Me vil at kommunen i minst mogleg grad sjølv er arrangør, men skal leggja til rette med rammevilkår som rettleiing og finansiering av aktivitetane.

Me etablerer ei gruppe per lokalsenter med ressurspersonar som kan initiera og koordinera aktivitetar og arrangement lokalt. Det er ein stor fordel om me får mindre arrangement spreidd i heile kommunen, ettersom smittevern også vil vera viktig dei neste månadene. I tillegg lyser me ut delar av midlane med frist 14.3.21. Gruppene i lokalsentruma og alle grendautval, lag og organisasjonar i Bømlo kan søkja.

Kommunen vil, saman med frivilligsentralen, koordinera spørsmål om mellom anna smittevern, målretta rekruttering av deltakarar, praktiske spørsmål om transport osv. I tillegg vil me bidra til erfaringsdeling og koordinering på tvers av lokalsentra.

Les meir om korleis du kan søkja på aktivitetsmidlar 65+

Til toppen