Aktivitetsdetektivar fann mykje!

Ungdommar med sommarjobb i Bømlo kommune har brukt sommaren godt

Informasjon av og for barn og unge

Sommaren 2022 har fire ungdommar mellom 16 og 18 år vore aktivitetsdetektivar i Bømlo. André Gil Sortland, Ane Rønningen Stautland, Bjarte Notland Tjensvoll og Lagsiga Vigneswaran har oppdatert informasjon om aktivitetar og arrangement på www.aktivitetforalle.no, jobba med design og innhald på www.ressursforalle.no, laga videoar og brosjyrer. Alt saman skal gjera det enklare for barn og unge å sjå kva aktivitetar som finns i kommunen vår,  senke terskelen for å delta og for å inkludera deltakarar. 

Rådgivar for folkehelse og frivilligheit Lene Borgen Waage seier bakgrunnen for å lysa ut stillingane var at  kommunen opplever at det er vanskeleg å nå ut til barn og unge: "Det siste året har Bømlo utvikla www.aktivitetforalle.no i lag med Stord og Fitjar, som del av arbeidet med fritidskortet. Me har fått ei svært god oversikt over aktivitetane, men både språket vårt og kanalane blir fort litt utdaterte. Med aktivitetsdetektivane har me fått filmar, materiell og tekst med eit språk og format barn og unge kjenner seg igjen i."

Waage er også veldig imponert over kva ungdommane har fått til på dei fire vekene dei har jobba: "Sommaren er ei krevjande tid å jobba inn mot lag og organisasjonar; dei har jo også ferie. Men ungdommane har skapt eit materiale som visar mangfaldet i aktivitetane i kommunen vår, dei har laga brosjyrer og dei har produsert plakatar. Dette er gull verdt i alt arbeid me skal gjera dette skuleåret for at fleire barn og unge skal få delta i fritidsaktivitetar!"

Vart overraska over moderne og framoverlent kommune

Då Lokalavisa Bømlo-nytt intervjua aktivitetsdetektivane vart det klart at både jobben og aktivitetane ungdommane har kartlagt har vore overraskande positive. Til avisa seier dei: "Bømlo er moderne og framoverlent, meir enn nabokommunane. Me har tenkt at kommunen er noko keisamt, men me opplevde at dei er opptekne av å legge til rette for ungdom. Det er kjekke folk som vil at born og unge har det godt. Dei som jobba i rådhuset kontakta oss, og mange brukte lunsjpausen til å sitja med oss. Det var svært overraskande og kjekt. Me fekk godt innblikk i korleis ein kommune fungerar - og me fann ut at det er godt å vera ung i Bømlo." (Bømlo-nytt 21.08.22).

Presentasjon for ordførar, leiargruppe, rådgivarar - og ein skokk med ungar på aktivitetsveke

Fire veker med sommarjobb vart avslutta med presentasjon for ordførar, leiargruppe og rådgivarar. Dei let seg alle imponera over alt ungdommane hadde fått til på så kort tid og over kvaliteten på arbeidet. Fleire såg godt for seg korleis dei kom til å ha nytte av materialet i tida framover. 

Turen gikk vidare til dei verkelege sensorane av arbeidet og nokre hektiske augneblikk seinare hadde engasjerte 1.-4.klassingar på aktivitetsveke i Rubbestadneset idrettslag dommen klar: Her var det mykje spennande!  

Materialet ungdommane har laga er å finne på Bømlo kommune sine nettsider, www.aktivitetforalle.no,  www.ressursforalle.no og Youtube-kanalen Aktivitetforalle

Til toppen