Alkovett for den vesle

Alle cellene og organa til barnet blir påverka dersom mor drikk alkohol under svangerskapet. Mykje alkohol gir store skadar. Kor lite som skal til for å skade utviklinga til fosteret, er usikkert. Derfor er det godt alkovett å vere heilt avhaldande gjennom heile svangerskapet. 

Gravid kvinne (av og til) - Klikk for stort bilete

Det er forska mykje på alkoholbruk i svangerskapet og dei alvorlege skadane det påfører fosteret. Mykje alkohol under svangerskapet kan gi verre seinskadar enn tobakk, kokain og heroin. Forskarane har ikkje klart å fastsetje noka sikker nedre grense for kor mykje ein kan drikke under svangerskapet utan at det skadar fosteret. Derfor er tilrådinga frå norske helsemyndigheiter at gravide er avhaldande under heile svangerskapet.

 

Det er altså vanskeleg å seie noko sikkert om risikoen for alvorlege skadar på det ufødde barnet. Men gleda over å drikke litt i svangerskapet vil uansett aldri vege opp for sorga over å få eit sjukt barn. Derfor har dei aller fleste ei klar haldning til at ein ikkje skal drikke når ein er gravid. Kvinner som ikkje vil avsløre graviditeten for tidleg, lærer seg kreative måtar å takke nei til alkohol på.

 

Dersom du er bekymra fordi du drakk alkohol før du oppdaga at du var gravid, eller du synest det er vanskeleg å la vere å drikke undervegs i svangerskapet, kan du snakke med fastlegen eller jordmora di.

 

Les meir på heimesidene til AV-OG-TIL

 

Sist endra 02.10.2017 11:34
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt koordinator
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering