Alle med-dugnad i Bømlo

25. november inviterer me lag og organisasjonar, næringsliv, politikarar, barn og unge til å diskutera korleis me kan jobba for å inkludera alle barn og unge i fritidsaktivitetar.

Kva kan me gjera for å få alle med? Alle barn har rett til ein god oppvekst med ei meiningsfull fritid der dei opplever meistring, fellesskap og møter vener. Diverre opplever barn og unge i Bømlo at dei ikkje kan delta på fritidsaktivitetar og at dei blir ståande på sidelina på grunn av ulike barrierer som til dømes økonomi og transport. 

Skal våre barn få oppfylt retten til leik og fritid, må me leggja våre gode krefter saman. Frivilligheita, næringslivet og kommunen er alle med å byggja våre nærmiljø, og gjennom å samarbeida kan me gjera ein forskjell for våre barn, her og no.

25. november 1730-2030 inviterer me derfor til ein dugnad, som kan bidra til at alle barn og unge får moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar. Meld deg på til lene.borgen.waage@bomlo.kommune innan 10.november. Det er avgrensa med plassar, så om svært mange melder seg på gir me tilbakemelding på om de har fått plass rett etter påmeldingsfristen. 

I dugnaden brukar me dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, medvet og finna løysingar. ALLEMED er eit verktøy over 80 kommunar før oss har brukt for å auka  kunnskap om utanforskap og auka inkludering av barn og unge. Bømlo er også med å vidareutvikla verktøyet ved at vår ungdom har førebudd dugnaden på kick off-samling for ungdomsrådsarbeidet i oktober. 

Les mer på: www.allemed.no 

Til toppen