Annonse ledig stilling - Kulturskulen - dansepedagog 70 - 100%

Dansegruppa frå Bømlo kulturskule fekk det til å svinga under Trivselsdagen 2014. - Klikk for stort bilete

 

Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland. Bømlo kommune er ein IA-kommune og fekk Arbeidsmiljøprisen 2012.

 

70% fast stilling med moglegheiter for å auke til 100% stilling

Kommunen er landfast via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve. Kommunen har over 11.900 innbyggjarar, eit flott kulturhus og eit variert kulturliv m.a. Bømlo Teater som står bak store musikalar. I år vart Evita spelt for over 9000 publikummarar. Bømlo kulturskule har kring 500 elevar og 10 årsverk som er fordelt på 16 lærarar. Skulen held til i gode lokale i Bømlo kulturhus. Her disponerer skulen dansesal,  øvingsrom, konsertsal, blackbox, arbeidsrom og kontor for skulen sin administrasjon.

Stillingstittel: Dansepedagog

Type:   Fast                                                               

Tiltreding: Etter avtale

Stad: Bømlo kulturskule

Arbeidsoppgåver:

  • For tida er det elevar til 70% stilling. Me ynskjer å  auke stillinga til 100% når talet på elevar stig.
  • Danseelevane er organisert som eigen organisasjon, slik at lærar må samarbeide med styret for denne. 
  • Dansesalen har sportsgolv med dansematter, speil på to veggar og lause barrer.
  • Skulen jobbar noko tverrfagleg i prosjekt med dans, teater og musikk.
  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og praktisk prøve. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Den som vert tilsett må kunna leggja fram politiattest.

Stillinga rapporterar til: Kulturskulerektor Stein Høyland

Kvalifikasjonar:

  • Solid fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Gode samarbeidsevner.
  • Gode munnlege og skriftelege norskkunnskapar.

Me tilbyr:

  • Gode arbeidstilhøve i trivelege lokale
  • Løn- og arbeidstilhøve etter gjeldande avtalar
  • Gode lokale særavtalar
  • Spanande faglege utfordringar

Kontaktperson:

Stein Høyland

Elektronisk søknad innan: 28. oktober 2018

Søk elektronisk her.

 

Søknadsid: 1334

Publisert av Jostein Sæverud. Sist endra 11.10.2018
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering