Arbeidssøkar og lyst til å starte bedrift?

Om du er arbeidssøkar og har lyst til å starte bedrift er «møteplass A» er staden å starte. «møteplassA» startar 28. september i Atheno sine nye lokaler på Vabakkjen.

MøteplassA (Atheno) - Klikk for stort bilete

Dette er eit tilbod frå Atheno til arbeidssøkande i Sunnhordland som er nysgjerrig på det å starte eigen bedrift.

 

Her får du:

• Utvide ditt eige nettverk
• Møte gründerar som fortel om eigne etableringar
• Smarte tips om oppstart av bedrift
• Informasjon om støtteordningar/virkemiddelapparatet
• Muligheit til å delta på Nyskapingskonferansen 2018
• Små foredrag
• Høve til å delta på praktiske øvingar
• Møte andre i same situasjon

 

PS! Du må ikkje ha ein ferdigsnikra idé for å delta. Det er nok at du er nysgjerrig!

 

Tidsrom: Torsdagar frå 28. september og ut november 2017.
Oppstart: 28. september kl 09.00–11.00
Stad: Atheno sine nye lokaler på Vabakkjen 6 – 3. etasje. Inngang på oppsida.

 

- Tilbodet er gratis. Her er det berre å møte opp, håpar me sjåast, inviterar Atheno.

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 28.09.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering