Auka folkevekst i Bømlo

Bømlo kommune tel ved utgangen av 1. kvartal i år 11971 innbyggjarar, ein auke på 14 personar.  - Dette var gledelege nyhende, seier ordførar Sammy Olsen.

Skjermbilde befolkninsgvekst 1. kvartal 2020 i Bømlo. Kommunal rapport. (Kommunal rapport) - Klikk for stort bilete

Etter ein periode med noko nedgang, har folkeveksten i Bømlo kommune igjen teke seg opp. Statistikken for 2019 syner at det vart født 119 personar medan 96 personar døde. Netto flytting var minus 30. Størst del personar med ikkje-norsk bakgrunn kjem frå Litauen og Polen. Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin prognose for 2030 er 12 589 innbyggjarar i Bømlo.

 

Optimisme

- Det er viktig og gledeleg med folketilvekst, og med alt det positive som no skjer framover i kommunen bør me kunne få ytterlegare vekst, trur ordføraren. Han nemner mellom anna fiskerihamna i Langevåg og det positive som skjer i Rubbestadneset innan vidaregåande utdanning og industriutvikling.

 

Her finn du meir interessant statistikk om Bømlo kommune frå SSB

Sist endra 15.06.2020 15:24
Fant du det du leitte etter?