Aukande skogbrannfare

Tørke medfører monaleg auke i faren for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark.

Skogbrannhelikopter - Super Puma - med bøtte i lufta. Foto. (DSB) - Klikk for stort bilete

- Sol, varme og vind gjer brannfaren spesielt stor. Tørkeskada og død vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stader kan koma nedbør, vedvarer faren for brann då vegetasjonen tørkar raskt opp i fint vêr, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning.
 

Ver varsam!

Når det er tørt skal det svært lite til for å starta ein brann. Me må alle vere forsiktige og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt. Dette følgjer av aktsomheitsplikta i brann- og eksplosjonsvernloven.
 
Å vere forsiktig betyr at du tek førehandsreglar for å redusera sannsynet for brann og avgrensa skadene dersom brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig
slokka.
 

Bålforbodet

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere op eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet vert gjerne omtala som "bålforbodet". Dette forbodet gjeld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, og med det meinast alle område som ikkje er innmark. Døme på innmark er gårdsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område.
 
Å gjere opp eld omfattar all bruk av bål-, grill- og peisinnretningar. Eingangsgrillar utgjer ein særleg brannfare. Då må du huske på at eingangsgrillen også er omfatta av forbodet, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning. Stranda vil oftast reknast som utmark. Dersom du likevel ønskjer å tenna bål eller grilla, må du dermed søkje om løyve frå kommunen.
 
Sjølv om det er bålforbod har du lov til å tenne bål der det openbert ikkje kan starta ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det openbert ikkje kan føra til brann. 
 
Ved overtreding av aktsemdsplikta eller det generelle forbodet kan du straffast med bot eller fengsel.
 

Grilling

- Brannvernet rår generelt frå all bruk av eingangsgrill, i alle høve når det er tørke. Dei kan vere varme i mange timar etter bruk om dei ikkje vert slokka og kjølt skikkeleg ned, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning. Enigangsgriller må aldri setjast rett på brennbart underlag.
 
Gassgriller og elektriske griller vil i dei fleste tilfelle kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsom bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjeld forbodet.
 
Hugsat aktsedsplikta gjeld overalt, i parker og hagar, på verandaer og terrasser eller under
brennbare tak eller liknande overbygningar.
 
Ved brann eller ulukke ring 110.
 

Kort oppsummert

Kort oppsummert har me eit forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, med unntak av der det openbert ikkje kan medføra brann, medan i hager, i parkar og annan innmark gjeld det ei alminneleg aktsemdsplikt.
 
Les mer om branntryggleik på sikkerhverdag.no
 

Kontaktperson:

Brannsjef Ove Halleraker
Telefon: 53 42 31 24
Mobil: 415 61 144
 
 
BRANNFARE ENGELSK.png - Klikk for stort bilete BRANNFARE POLSK.png - Klikk for stort bilete BRANNFARE TYSK.png - Klikk for stort bilete BRANNFARE FRANSK.png - Klikk for stort bilete

BRANNFARE NEDERLANDSK.png - Klikk for stort bilete

 

BRANNFARE LITAUISK.png - Klikk for stort bilete BRANNFARE SPANSK.png - Klikk for stort bilete

 

BRANNFARE NO BOKMÅL.PNG - Klikk for stort bilete

Sist endra 16.05.2019 10:52
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 24
Mobil:
415 61 144
Tittel:
brannsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering