Auke i smittsame sjukdomar

Me er no inne i ei tid der smittsame sjukdomar er aukande. Dette gjeld særleg Covid-19, RS-virus og influensa. Difor er det viktig å igjen følgje smittevernråda me fekk innunder huda i koronapandemien.

Folkehelseinstituttet (FHI) sin rapport frå veke 49 syner framleis stigande tal innleggingar for Covid-19, men det er teikn til mindre auke i smitten. Nye virusvarianter dominerer, og vaksinen har liten effekt mot å bli smitta. Den vernar mot alvorleg sjukdom og få har trong for intensivbehandling. Det er også eit raskt aukande tal RS-virusinfeksjonar med stadig fleire innleggingar, særleg av barn under 5 år.

Rask auke i influensa

Tilfelle av influensa og innleggingar for influensa aukar raskt. Årets utbrot av  influensa er i gang. Auken skjer tidlegare enn normalt, og det er venta mykje smitte rundt jul og nyttår. Det er usikkert kor godt vaksinen vernar mot å bli smitta, men ein reknar med at den vernar mot alvorleg sjukdom.

- Det hastar for risikogruppene å vaksinera seg. Førebels er det ein variant av influensaviruset som dominerer, men ofte ser ein utbrot av minst to virusvariantar i løpet av ein vintersesong (vaksinen inneheld vern mot fire variantar), melder FHI.

Stor belastning

Epidemiar av luftvegsinfeksjonar aukar no raskt og vil dei nærmaste månadane gi stor belastning på helsetenestene.

FHI oppmodar befolkninga å følgja tilrådingane for vaksinering, å halde seg heime når ein blir sjuk med luftvegssymptom, og å ha god hoste- og handhygiene. Utover dette kan samfunnet halda fram med ein normal kvardag.

Flytskjema frå FHI om luftvegssymptom FHI

Smittevernråd

Smittevernråd for befolkninga er dei same som gjennom pandemien, og det er ekstra viktig å følgje desse no: 

  • Hald deg heime når du er sjuk.
  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre. Bruk papirlommetørkle og kast det etterpå.
  • Dersom du har symptom på forkjøling og må ut blant folk, eller må besøkja personar som har auka risiko, så bruk munnbind for å verna andre.
  • Ha god handhygiene, med handvask eller handdesinfeksjon.
  • Råd for barn i barnehage (tilsvarende gjeld for skule)
Til toppen