AV-OG-TIL kommunen Bømlo

Med kaketeksten "Se under" vart den gode stemninga satt då Bømlo kommune signerte avtalen med kampanjeorganisasjon for alkovett AV-OG-TIL måndag 8. mai. - Avtalen er no forankra på høgste politiske og administrative nivå i kommunen, men den må kontinuerleg forankrast i heile organisasjonen, understreka ordførar Odd Harald Hovland. 

Orientering i møterom. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund ynskte rådgjevar Marte Sletten frå AV-OG-TIL velkomen til Bømlo og avtalesigneringa på rådhuset. Han understreka at kommunen med dette markerer at dette er eit politisk vedteke samarbeid me ynskjer å gå inn i.

 

Bømlo kommune sine lokale satsingsområde for AV-OG-TIL er alkovit i samband med trafikksikringsplanen der båtliv er inkludert, eit utstrakt samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar, og førebygging av vald i nære relasjonar.

 

I tillegg til ordførar Hovland og kommunalsjef Bjørklund deltok også varaordførar Morten Helland, utvalsleiar for oppvekst, kultur og idrett Ragna Skjærvik, rådmann Geir E. Aga og rådgjevar oppvekst Kristin Skare på markeringa. SLT/MOT-koordinator Stian Olderkjær var forhindra frå å møta, men det er han som vert den lokale kontaktpersonen i Bømlo kommune. 

 

- Ingen peikefinger

AV-OG-TIL jobbar ikkje for at ein skal slutta å drikka alkohol, men at me skal redusera alkoholbruken der det kan vere farleg eller gå ut over andre. Difor har dei kampanjar som særleg fokuserer på situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko. Desse er: Arbeidsliv, båt- og badeliv, graviditet, idrett og friluftsliv, livskriser, samvær med barn og unge og trafikk.

 

- Me er ikkje oppe med den moralske peikefingeren, seier rådgjevar Marte Sletten. AV-OG-TIL er ein kampanjeorganisasjon for alkovett. Ved å setje fokus på situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko eller kan vere til ulempe for andre, vil AV-OG-TIL bidra til å redusera dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle. Me er difor glade for at Bømlo kommune er med på laget. 

 

AV-OG-TIL driv haldningsskapande arbeid gjennom eit breitt nettverk av friviljuge organisasjonar, kommunar og andre samarbeidspartar. Den dagliee aktiviteten koordinerast av eit sekretariat med åtte tilsette i Oslo. Verksemda vert finansieret av medlemskontingenter og tilskot frå Helsedirektoratet.


 

 
Ordførar signerer avtale. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Kaketeksten lyder Se under. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Håndtrykk forseglar Bømlo som AV-OG-TIL-kommune. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 10.05.2017 14:10
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering