Beredskap mot radioaktiv påverknad

Bømlo kommune har vedteke å plassere ut kaliumjodidtablettar i skular og barnehagar i Bømlo kommune, som ledd i beredskap mot radioaktiv påverknad ved eventuell ulukke med utslepp av radioaktivt materiale. 

Kosebamse med kaliumjodtablettar. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bakgrunn

I desember 2017 sendte Helsedirektoratet via fylkesmennene ut ei oppmoding til kommunane om å vurdere i kva grad den einskilde kommune kan bli råka av eit radioaktivt utslepp. Moglege kjelder til radioaktiv forureining er trafikk av reaktordrive fartøy langs kysten, og utslepp frå kjernekraftverk i Sverige, Storbritannia og andre deler av Europa.

 

Einskilde kommunar har hatt utplassering av kaliumjodidtablettar i lang tid, særleg dei som ligg nære reaktorane i Halden og på Kjeller, og langs den russiske grensa i nord. Moglege skadeverknader av eit radioaktivt utslett minskar raskt med avstand. Det er difor dei områda som ligg nærast ei potensiell radioaktiv kjelde som har nytte av eit slikt tiltak.


Jod er naudsynt for stoffskiftet i kroppen, og blir tatt opp i skjoldbruskkjertelen. Radioaktivt jod kan frigjerast ved eit atomuhell og transporterast med luftmassar. Dersom ein pustar inn radioaktivt jod, vil det kunne takast opp i skjoldbruskkjertelen, på same måte som jod frå kosten. Erfaring frå Tsjernobyl-ulukka har vist at det kan føre til ei auke i kreft i skjoldbruskkjertelen hos barn og unge.

 

Slik kreft er i utgangspunktet sjeldan hos barn, og dei fleste vil ikkje bli sjuke. Ved å «mette» skjoldbruskkjertelen med normalt jod like før eksponering blir den radioaktive joden ikkje teken opp, og med det vernar tiltaket mot seinare kreftutvikling. Inntak av jod har bare effekt innanfor eit lite tids¬vindauge i samband med eit utslepp. Tek ein det for tidleg eller for seint, har det ingen effekt. Det har heller ikkje effekt hos vaksne, ettersom dei tek opp lite jod uansett. Jod har ingen effekt mot andre typar radioaktive stoffer.


Verdas helseorganisasjon WHO tilrår jod til barn og unge under 18 år, og til gravide og ammande (av omsyn til barnet) når det ligg føre radioaktivt jod i omgjevnadene over eit visst nivå.


Er Bømlo i risiko?

Bømlo har ingen radioaktive kjelder i nærområda. Det er svært liten risiko for at utslepp av radioaktiv stråling skal skje nær Bømlo. Bømlo er ein kystkommune, og det går frå tid til anna reaktordrive fartøy i Nordsjøen. Dersom det skulle skje eit forlis like utanfor Bømlo, vil det kunne oppstå radioaktiv stråling som når land. Ved ei slik hending vil det aldri vere fare for akutte stråleskadar, og det viktigaste tiltaket vil vere å halde seg innandørs og stenge vindauge og ventilar. Risiko kan samanliknast med det deler av Norge opplevde under Tsjernobyl-utsleppet i 1986.


Ei slik hending vil bli varsla av nasjonale mynde. Sannsynlegvis vil det vere ein tidsmargin til å distribuere kaliumjodidtablettar før den radioaktive strålinga når kommunen, men denne tida kan vere knapp dersom hendinga er i nærområdet. Bømlo kommune har difor vald å plassere kaliumjodidtablettar til målgruppa i dei ulike lokalsentra. Ettersom dei fleste i målgruppa oppheld seg i skular og barnehagar på dagtid, har vi valt å plassere tablettlager der. Skuler og barnehagar er sentrale i dei ulike bygdene, og med det relativt lett tilgjengeleg.


Når og korleis bruke tablettane?

Skulle det oppstå ein aktuell situasjon, vil offentleg mynde gi melding om korleis ein skal opptre. Jodtablettar skal berre takast etter instruks frå offentleg mynde! Det vil bli gitt råd over radio og TV, kommunen si nettside og på facebook-sida. Kommunen vil sende ut varsel til befolkninga på sms. Det vil gå klart fram om det er tid til å hente jodtablettar, eller om folk bør halde seg innandørs.


På dagtid vil personalet ved skular og barnehagar kunne gi jodtablettar til barna som er der. På kveldstid vil det vere avhengig av at det er tid til å opne skulen og dele ut tablettar før eit eventuelt utslepp når kommunen.
Jodtablettar er i seg sjølv ufarlege. Allergiske reaksjonar eller lett påverknad på stoffskiftet kan førekomme, men risikoen for biverknader er låg. Personar som har sjukdom i skjoldbrukskjertelen, samt visse sjeldne lidingar (dermatitis herpetiformis og hypokomplementemisk urtikariell vaskulitt) skal ikkje ta jod. Slike sjukdommar er sjeldne hos vaksne, og nesten aldri hos barn.

 

Både kalium og jod er grunnstoff, og blir ikkje brote ned eller øydelagd om tabletten er gått ut på dato, men sjølve tabletten kan løyse seg litt opp, utan at det går ut over verknaden. Helsedirektoratet og Statens strålevern si haldning er at sjølv om risikoen for å få kreft er liten, så kan inntak av jod ved eit radioaktivt utslepp hindre at nokre barn utviklar kreft i skjoldbruskkjertelen seinare i livet, og har difor tilrådd at kommunen har slike tablettar tilgjengeleg.


Brukarrettleiing:

Jodtabletten kan tyggjast eller svelgjast heil. Den kan også løysast i vatn, saft, syltetøy, morsmjølk eller liknande. Tablettane kan delast ved behov.


Dosering:
Nyfødde opptil 1 månad:     ¼ tablett
Spedbarn 1 månad – 3 år:    ½ tablett
Barn 3 år – 12 år:                    1 tablett
Ungdom 12 år – 18 år:           2 tablettar
Gravide og ammande:           2 tablettar


Risikoen for radioaktive utslepp nær Bømlo er svært låg. Utplassering av jod-tablettar er eit ledd i ein generell nasjonal beredskap. Inntak av jodtablettar er berre aktuelt etter tydeleg instruks frå nasjonale mynde, for dei områda som ligg nær eit eventuelt radioaktivt utslepp, og berre for born og unge under 18 år, og for gravide og ammande av omsyn til barnet.


Kjersti Helen Follesø
Kommuneoverlege i Bømlo
Telefon 901 44 740
 

Sist endra 05.06.2018 10:06
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
 
Login for redigering