Besøksreglar på institusjonane våre

På grunn av auke i smitteomfang på Bømlo også med ukjente smittevegar finn me det et naudsynt å innføre strengare besøksreglar og smittevernrutinar frå i dag 23.12. 2020 og inntil vidare.

Bømlo kommune gjer alt me kan for å hindra smittespreiing, ikkje minst på institusjonane våre. Bebuarane treng besøk av sine pårørande og de ynskjer me sjølvsagt dei skal få. Dette inneber at du som vitjar våre institusjonar må følgja alle smittevernreglane som gjeld.

Desse reglane gjeld

• Ring avdelinga og avtal før de kjem på besøk 

• Hovuddøra er låst heile dagen, så du må ringa på når du kjem

• Maks to besøkjande på rommet om gongen. Besøkjande må nytte munnbind under besøket, og halde to meter avstand til bebuar.

• Ikkje tillate med besøk i fellesareal – besøkjande går direkte til/frå rommet

• Besøkjande må registrera  seg for eventuell smittesporing seinare

• Besøkstider: 11.00 – 12.30 og 16.30-18.00

Besøk utanfor institusjon:

• Besøk utanfor institusjonen bør avgrensast, og skje etter vurdering av smitterisiko saman med bebuar og pårørande. Smittevernreglar må ivaretakast under transport og under besøket.

Smittevernrutinane må følgjast

  • Hald avstand til pasient og tilsette  - to meter
  • Besøkjande må utvise god håndhygiene, sprit/håndvask før og etter besøket
  • Dersom du har vore i utlandet, i område med høg smittespreiing eller i karantene siste 14 dagar, må covid test gjennomførast og resultat føreligge før besøk.
  • Dersom du har influensasymptom (sår hals/hoste/feber) kan du ikkje kome på besøk. Då er det 10 dagar karantene. Det same gjeld dersom ein har vore i kontakt med smitta (også om det ikkje er nærkontakt).

- Me er glade for at me kan ta imot besøk på institusjonane våre, og ynskjer dykk velkomne med bakgrunn i framleis gjeldande smittevernrutinar. Desse er no oppdaterte, og dersom alle følgjer dei kan me hindra smittespreiing. Ved auka smittespreiing slik me opplever no kan det bli naudsynt å strama inn besøksreglane, seier verksemdsleiarane Torhild Siggervåg ved Bømlo omsorgstun og Berit Nesse ved Bømlo bu- og helsesenter/Teiglandshagen bufelleskap.

Besøksreglar ved institusjonane i Bømlo kommune gjeldande pr. 23.12.2020
(jfr. smittevernlova, FHI og Helsedirektoratet sine tilrådingar)

Lita jentehand rører ved eldre manns hand. - Klikk for stort bileteBarnehand tek bestefarhand. Privat   

Til toppen