BKE er miljøfyrtårn

Bømlo kommunale eigedomsselskap  AS (BKE) fekk onsdag overrekt provet på at dei er ei sertifisert miljøfyrtårnverksemd. Ordførar Sammy Olsen gratulerte dagleg leiar Ingrid Urheim Halleraker og staben i BKE med miljøsatsinga.

mann sprettar kake - Klikk for stort bileteOrdførar Sammy Olsen sprettar kaka under overrekkjinga av miljøfyrtårnsertifikat til Bømlo kommunale eigedomsselskap AS (BKE). Dagleg leiar Ingrid Urheim Halleraker (t.v) og Birgitte Steinsland (t.h) deltok. Simon Knutsson Sortland - Tusen takk. Dette er stor stas for oss. Me har jobba ei tid med dette sidan me bestemte oss for også å ha eit grønt fokus i vår strategi. Det er Birgitte Steinsland som er vår "miljøfyrtårngeneral", takka dagleg leiar Ingrid Urheim Halleraker og overrekte ein blomebukett til medarbeidaren sin.

- Stadig fleire miljøfyrtårn

- Det er små grep som kjeldesortering og litt endra tankesett som skal til for å bli betre på miljøvern. Kommunen har som strategi å få alle kommunale tenester miljøfyrtårnsertifisert, og flest mogleg av verksemdene i næringslivet vårt. Ein del har oppnådd denne statusen, og fleire jobbar med det. Noko me sjølvsagt er svært glade for, sa ordførar Sammy Olsen under overrekkinga i BKE sine lokaler i Hollundsdalen. Han la til at sertifikatet må fornyast om tre år, så arbeidet må halda fram.

- Miljøansvar handlar om å ha eit kontinuerleg fokus på eiga drift for til ei kvar tid minimera belastningane ein påfører klimaet, omgjevnadane og arbeidsmiljøet. Å bli eit miljøfyrtårn er eit prov på at verksemda tek sitt miljø- og samfunnsansvar på alvor. Plaketten er eit synleg prov som viser dette til publikum og eigne ansatte, seier dagleg leiar Ann-Kristin Ytreberg i Stiftinga Miljøfyrtårn.

Til toppen