Bli med på strandrydding!

Bømlo kommune er medlem i Friluftsrådet Vest i Sunnhordland og planlegg ein strandryddeaksjon på datoane 28.04 til 02.05.17 der kommunen ved ordførar Odd Harald Hovland oppmodar alle til å delta.

Søppel i fjæresteinane ved Hiskjo. - Klikk for stort bilete

Friluftsrådet Vest vil i samarbeid med kommunane Stord, Kvinnherad, Bømlo, Kvinnherad, Fitjar og Sveio,  Ragn Sells A/S og SIM, ta eit initiativ for å starte fleire aksjonar med strandrydding i Sunnhordlandsregionen.  Aksjonen blir støtta av Hordaland fylkeskommune.

 

Rydd ei strand

I Bømlo kommune vil det bli totalt 10 lokasjonar der det vert utplassert ein konteinar.


Følgande lokasjonar:
1. Båtkai i Eidesvik (Langevåg)
2. Kommunal kai på Lykling
3. Gjestehamn ved Finnåskanalen, Melkevik (Opplev Bømlo)
4. Sjøbuholmen, Øklandsvågen
5. Erevik kai (ved grendahuset) på Goddo
6. Austvik Kai (nord på Goddo)
7. Hiskjo/Melkevik nær Hiskjobrua
8. Kommunal kai på Rolfsnes
9. Rubbestadneset kai (hurtigbåtkaien)
10. Moster gamle ferjekai


Konteinarar vert plassert ut 28.04 og henta 02.05. Sekker og hansker vert plassert ved alle konteinarar.

 

Bli med

Vil du vera med og gjere ein innsats ein innsats for eit betre miljø og redusere dei skadelege verknadene av marin forsøpling? Då kan du delta i aksjonen Rydd ei strand i Sunnhordland. Det er to måtar å gjera dette på:
SIM har ikkje ein fast strandryddedag, og har strandryddedagar heile året og har lagt til rette for rydding av marint avfall sidan 2014. I 2016 brukte SIM om lag 1 million kroner på rydding av strender, herrelause båtar og marint avfall. Desse midlane kom frå SIM sitt miljøfond og støtte frå Miljødirektoratet. Engasjementet er ikkje mindre i 2017, hittil i år har me nær 50 påmeldte lag og organisasjonar, noko som SIM ser på som eit svært positivt engasjement..

 


Ragn Sells A/S er særs ein viktig samarbeidspart i innsatsen mot marin forsøpling, gjennom eit samarbeid med Hold Norge Rent kampanjen som har fått stor oppslutning i heile landet.

 

Gå inn på nettstaden holdnorgerent.no/ryddeportalen og sjå kor det allereie er oppretta aksjonar. Kanskje kan du bli med på ein av dei? Her kan du og oppretta din eigen aksjon og få din eigen aksjonskode.


Deretter må du kontakta Ragn-Sells A/s sin avdeling (bjarte.barane@ragnsells.com eller 975 55 534) og gi dei aksjonskoden. Dei vil setja ut konteinar, sekker og hanskar på avtalt stad og henta konteinaren etter at aksjonen er avslutta. 

 

Det er så langt planlagt aksjonar på Bømlo og Kvinnherad, Sveio og Stord, men det er framleis mange vikar og strender som treng rydding. Fleire skuleklassar, idrettslag, båtforeningar, verksemder, privatpersonar og eldsjeler har meldt seg til teneste.


Friluftsrådet kan etter avtale hente innsamla strandsøppel med båt der ein ikkje kjem til med lastebil. Du kan og ta kontakt med servicetorget i kommunen eller for meir informasjon om korleis ein skal gå fram for å komme i gang.

Sist endra 18.04.2017 13:48
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering