Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

Blid kundevert på Rådhuset

I sommar er det den blide 21-åringen Vegard Enerstvedt som er turist- og kundevert i Rådhuset. - Jobben blir å rettleia folk, men eg kjem sikkert til å lære noko nytt om heimkommunen min også, seier Vegard. 

Vegard Enerstvedt (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

For dei som følger med i lokalpolitikken er fjorårets leiar av Unge Høgre eit kjent andlet. Vegard Enerstvedt studerer for tida til ein bachelorgrad i matematikk og økonomi ved Universitetet i Oslo. Målet er vidare studier innan matematisk finans ved Handelsshøgskulen i Bergen.

 

- Eg søkte sommarjobb på rådhuset fordi eg ville bu heime og lære noko om korleis kommunen fungerer. Her får eg sikkert høve til å drikka mykje kaffi også, skyt han inn. Vel, det er ikkje akkurat Starbucks men kaffimaskina har eit par alternativ å by på.

 

Vegard føler seg stø i engelsk, og får kanskje praktisert litt av den spansken han lærte på ungdomsskulen og Bømlo vidaregåande skule. Den friluftsglade bømlingen har bra oversikt over kommunen sine mange flotte turløyper både nord og sør i kommunen.

 

- Me har jo og mange flotte moglegheitar for fiske og båtliv. Eg får lese meg opp på alt kommunen har å by på, for her er nok av godt lesestoff i Kundetorget, seier Vegard.

 

Klar for å ynskje innbyggjarar og turistar velkomen til rådhuset og rettleia dei vidare. Sommarjobben varer ut første veka i august.

Sist endra 25.06.2018 15:37
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering