I sist veke vart granittsteinen som Brynjar Stautland i Geopark Sunnhordland har identifisert som eit godt bidrag til kunstprosjektet i regjeringskvartalet frakta frå Hollundsdalen til Oslo. Det er KORO (Kunst i offentlige rom) som saman med kunstnar Jumana Manna som inviterer alle landet sine kommunar og fylkeskommunar til å bidra til kunstverket Substitute (arbeidstittel) som skal ferdigstillast i regjeringskvartalet i Oslo i 2025.
800 rutemeter mosaikk
Jumana Manna, ein palestinsk kunstnar som er utdanna i Norge, vant konkurransen i regi av KORO om å utforma eit nytt bygolv som eit offentleg kunstverk ved det nye regjeringskvartalet i Oslo. Kunstverket av steincollage på om lag 800 rutemeter skal fellast ned i bakken på Johan Nygaardsvolds plass og vil utforska den materielle historia til Norge sine bygdemiljø i forhold til natur og utvinning av naturressursar. I staden for å utvinna ny granitt til prosjektet, ønskjer Manna å skapa eit mosaikkgolv som består av granittheller og -blokker som er flytta frå alle delar av landet. Bygolvet vil bli eit puslespel av arkitektoniske og materielle element frå den rike geografien og geologien i Norge.
Følg kunstprosjektet på Bygulvet i nytt regjeringskvartal - KORO