Bømlo kåra til «Årets trafikksikkerhetskommune 2021»

- Veldig kjekt og ein honnør til alle i administrasjonen som har jobba hardt og målretta med dette over fleire år. Det politiske miljøet har også vore aktive og stilt seg bak dette arbeidet, så det er mange å takka. Gratulerer til alle og heile Bømlo kommune, seier ein glad ordførar Sammy Olsen.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide var på heimebane og delte ut prisen i kommunehuset fredag 6. august. Det er Samferdselsdepartementet som deler ut prisen «Årets trafikksikkerhetskommune», og Bømlo fekk altså den 10. i rekkja. Fylkesordførar Jon Askeland var også med under prisutdelinga.

Føremålet med prisen er å fremja lokalt trafikksikringsarbeid. Ved å heidra kommunar som har utmerka seg, ønskjer Samferdselsdepartementet å løfta fram førebilete som kan inspirera andre kommunar til ein auka innsats.

Jobbar systematisk

- Å vere ein trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje finst farlege og dårlege vegar eller manglar behov for trafikksikringstiltak i kommunen. Det betyr at me jobbar systematisk og engasjert med å heile tida forbetra haldningar, retningsliner og gjennomføring av fysiske tiltak i Bømlo kommune, poengterar kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Dette gjer kommunen ved å ha ein politisk vedteken trafikksikringsplan med jamnleg rullering for å fange opp nye nødvendige tiltak. Det vert jobba tverrsektorielt og trafikksikring er sentralt i kommunen sitt samla planverk, både på kort og lang sikt. Eit utstrakt samarbeid med grendeutvala i kommunen, administrasjonen i Vestland fylkeskommune og politiet er nøkkelen til å lukkast i dette arbeidet.

- Dette er ein pris me må dela med Vestland fylkeskommune. Samarbeidet med administrasjonen i fylket har i stor grad medverka til at me er der me er i dag. Eg vil og gje ein stor honnør til grendautvala, som med sine innspel hjelper kommunen til å bli betre på trafikksikring. Dette ynskjer me dei skal halde fram med, understrekar Gjøsæter.

Folkehelsearbeid og berekraft

Vestland fylkeskommune nominerte Bømlo kommune til den nasjonale prisen.

– Dette er stas, og eg vil på vegner av fylkeskommunen gratulere Bømlo med denne velfortente prisen. Dette var tredje gongen fylkeskommunen nominerte kommunen, og i år var også Statens vegvesen tydeleg i rådet til ministeren om at Bømlo er ein svært verdig prisvinnar. Kommunen har jobba godt med og prioritert trafikksikringsarbeidet over lang tid. Me opplever at dei har dedikerte folk til arbeidet og ein god kultur, der dei jobbar aktivt til beste for innbyggjarane. Samarbeidet deira med fylkeskommunen har også vore godt på alle plan, seier fylkesordførar Jon Askeland.

I grunngjevinga frå Samferdselsdepartementet vert det trekt fram at trafikksikringsplanen for Bømlo kommune er godt utforma slik at den når mange grupper. Den er godt forankra både politisk og administrativt og i lokalmiljøet. Kommunen jobbar tverrsektorielt, med ei sterk kopling opp mot folkehelsearbeidet. Dei har også innlemma FN sine berekraftsmål i trafikktryggingsplanen på ein førebiletleg måte.

Bømlo kommune vart regodkjent som trafikksikker kommune våren 2020. Då vart også Trafikksikringsplanen 2020-2024 for Bømlo kommune (PDF, 3 MB) vedteken. Ein viktig del av arbeidet med trafikksikker kommune er utvikling av retningslinene for  arbeidsrelatert ferdsel i trafikken for tilsette i Bømlo kommune.

Trafikksikringsplanen inneheldt oversikt over ulykkesbiletet 2015-19, satsingsområde, økonomi, trafikantretta-, haldningsskapande- og fysiske tiltak. I punkt 6.2 blir oppfølgingspunkta knytt til trafikksikker kommune lista opp. Her er det punkt for skular og barnehagar, innbyggjarane sin helse og trivsel, Bømlo kommune som arbeidsgivar og kompetanseheving.

Samferdselsdepartementet: Bømlo er årets trafikksikkerhetskommune 2021

Vestland fylkeskommune: Bømlo kommune får den nasjonale trafikksikringsprisen

Til toppen