Bømlo med i nasjonal satsing

Bømlo kommune er med i den nye nasjonale folkehelsesatsinga Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027 med undertittel "Ei satsing for å fremma barn og unge si psykiske helse og livskvalitet".

Føredragshaldar Ingrid Bruun på Verdensdagen psykisk helse 2017 flankert av elevane Marianne Steinsvåg Tollaksvik (t.v.) og Isabel Ådnanes. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har i snart tre år vore med i eit nasjonalt nærmiljøprosjekt kalla Helsefremjande nærmiljø i lag med tre andre hordalandskommunar. Her har lokalsamfunna Moster, Espevær og Rubbestadneset delteke. Kommunen søkte deltaking i eit nytt nasjonalt folkehelseprosjekt som har 10 års perspektiv.

 

Nyleg kom stadfestinga om at me som ein av 6 søkjarar i Hordaland er med i den nye nasjonale folkehelsesatsinga: Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027. Programmet har undertittel "Ei satsing for å fremma barn og unge si psykiske helse og livskvalitet".

 

- Me er veldig glad for at me får delta, det var eit nålauge å kome gjennom, seier ein nøgd folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim. Kommunen skal i lag med samarbeidspartar jobba det neste halve året med å gjere organisasjonen førebudd på deltaking. Arbeidet skal i hovudsak vere i samarbeid med oppvekst barnehage/skule, der involvering og medverknad av barn og unge er prosjektet.

 

Sist endra 24.08.2018 09:52
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering