Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Bømlo over 12 000

Bømlo kommune tel no for første gong over 12 000 innbyggjarar. - Fantastisk. Eg har tru på framleis folketalsvekst gitt alt det positive som skjer i Rubbestadneset og på Langevåg, i tillegg til at Bømlo elles er ein god kommune å bu i, seier ein glad ordførar Sammy Olsen.

SSB befolkning Bømlo pr. 2. kvartal 2020 - Klikk for stort bilete

I følgje siste kvartalsoversyn frå Statistisk sentralbyrå (SSB) tel me no 12 006 innbyggjarar i Bømlo kommune. Dette er ein auke på 35 personar sidan 1. januar 2020 då me talde 11971 innbyggjarar. I 2. kvartal vart 35 fødte,15 døde, 85 flytta innanlands til Bømlo og 71 flytta ut. Berre 5 flytta til Bømlo frå utlandet medan 4 flytta til utlandet. 

 

I 2019 var det 119 fødslar og 96 dødsfall i Bømlo kommune. Største del av personar med innvandrarbakgrunn kjem frå Litauen (193), Polen (130), Tyskland (89), Eritrea (72) og Filippinene (62). Forventa utvikling i folketalsveksten i Bømlo kommune er i følgje SSB at det i 2030 vil vere 11 638 innbyggjarar og i 2040 nede i 11 615 bømlingar.

 

Ordføraren trur på folketalsvekst

- Eg trur ikkje SSB sine prognosar tek høgde for alt det positive som er på gang i kommunen vår. Med nytt teknologisenter og ein framtidsretta vidaregåande skule i Rubbestadneset og fiskerihamna på Langevåg trur eg tvert om folketalsveksten vil auka i kommunen vår. Me er også i front på det grøne skiftet innan fleire ulike næringar, då særleg maritim og energi, meiner ordførar Sammy Olsen.

 
 
Framskriving SSB folketal - Klikk for stort bilete Skjermdump tu.no (TU) - Klikk for stort bilete Fire menn ståande med overrekking av miljøfyrtårnskilt. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Hovlandshagen fiskerihamn 1 (Akvator) - Klikk for stort bilete
Sist endra 21.08.2020 10:39
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 10
Mobil:
957 84 335
E-post:
Tittel:
ordførar
Bunnhjørne
 
Login for redigering