Bømlo symjehall - oppstart

- Endeleg er merkedagen komen då me opnar dørene til Sunnhordlands mest moderne og flottaste symjehall. Måndag 3. september klokka 17.00 gler me oss til å ta imot publikum i alle aldrar i Bømlo symjehall. Hopp uti våre to basseng, og gled dykk over vårt flotte anlegg saman med oss, inviterar leiar Elin Steinsbø i Bømlo symjehall. 

Gruppebilde av badevertar Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo symjehall har høg standard og vil ha fokus på at alle skal trivast - både den aktive symjaren, den litt mindre aktive mosjonisten men ikkje minst også dei som ønskjer leik, moro og ein gøy sosial arena.

 

Symjehallen sitt areal er på omlag 2000 rutemeter. Her er eit standard konkurransebasseng på 25 x 12,5 meter med seks banar, og stupetårn med tre og fem meter. I tillegg er her eit opplæringsbasseng i 12,5 meters lengde med ein svært behageleg temperatur på 32 grader. I Bømlo symjehall står tryggleik, reinhald og kundeservice i fokus.

 

Måndag 3. september opnar dørene

Bømlo symjehall opnar måndag 3. september. Bygget, vatnet, badevertane og mykje anna er er alt på plass til å ta i mot publikum og til å gjera besøket i bassenget til ei god oppleving. Men det er også ein del som vil koma på plass etter kvart no i den første tida.

 

Offisiell opning 5. - 7. oktober

Den offisielle opninga blir fredag 5. til sundag 7. oktober med eit tett program og mange kjekke aktivitetar. Meir informasjon om dette kjem etter kvart.

 

- Badevertane er klare til å ta i mot publikum og gler seg til å visa publikum den flotte arenaen for aktivitet og trivsel. Men me ser på denne første månaden fram til opningshelga som ein «innkøyringsmånad» for å få alt me ynskjer på plass. Saman med publikum ynskjer me å laga ein god arena for alle, og inviterar deg difor til å koma med tilbakemelding på kva som er viktig for at nettopp du skal trivast hos oss, oppmodar leiar Elin Steinsbø i Bømlo symjehall.

 

Offisiell informasjonsside til Bømlo symjehall

Sist endra 24.10.2018 11:37
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 32 60
Mobil:
952 48 744
Tittel:
leiar Bømlo symjehall
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering