Bømlo toppar kommunekåring i si gruppe

Eit variert næringsliv nært knytta til ein sterk arbeidsmarknad, folketalsauke og ein relativt ung befolkning gjer at Bømlo kommune tronar øverst på pallen i si gruppe i WSP Norge si første kåring av robuste kommunar - "Regionenes kamp 2022". - Svært gledeleg, seier ordførar Sammy Olsen.

- Rapporten Regionenes kamp er eit solid kunnskapsgrunnlag som kan brukast til å seie noko om kor robuste kommunane er og deira framtidige potensial. Me samanliknar kommunar som har dei same føresetnadane, samstundes som me ser på den regionale utviklinga. Føremålet er å synleggjera  kor robuste norske kommunar er i eit langsiktig perspektiv. Samstundes vil me synleggjera faktorar som kan forbetrast for at kommunane skal kunna bli meir robuste, seier direktør for samfunnsutvikling Maren Foseid i WSP Norge.

Les heile rapporten Regionens kamp 2022 frå WSP Norge

- Forpliktar oss

- Det er svært gledeleg å registrere eit fødselsoverskot, og denne rapporten syner at me gjer dei rette tinga når folk vil flytta til oss. Samstundes forpliktar det oss til å gjere endå meir for at folk skal trivast her, konkluderer ordførar Sammy Olsen.

Folketalsveksten per første kvartal 2023 i sunnhordlandskommunane er størst i Bømlo. Her aukar innbyggjartalet med 58 frå 12 132 til 12 190. Innanlands tilflytting utgjorde 41, frå utlandet (flyktningar) netto 13 og fødselsoverskotet var 4. På robustindeksen får Bømlo 85 poeng, der snittet for Vestlandet er 81. Stavanger toppar vestlandsindeksen med 118 poeng her. I rangeringa på landsbasis for alle kommunegrupper kjem Bømlo på 39 plass. Stord hamnar her på 23. plass. 

Robust og med framtidig potensial

WSP, eit av verdas leiande rådgjevar- og konsulentselskap innan samfunnsutvikling, har utvikla ein robustindeks som målar kor sårbare og tilpasningsdyktige norske kommunar er. Denne vil og gje ein peikepinn på korleis utviklinga vil sjå ut framover. Høg score på robustindeksen tilseier ein langsiktig positiv utvikling. Moglege tema som seier noko om kor framtidssikre og robuste norske kommunar er i denne rapporten trekt fram demografi, arbeidsmarknad, utdanning, økonomi og næringsliv, og berekraft og klima. Kor robust ein er omfamnar mange variablar og avgjer kor godt rusta ellert kor tilpasningsdyktig nokon er til å håndtera risiko knytta til ekstreme hendingar, og til å tilpassa seg endra tilhøve og speleregler. 

Rapporten påpeikar at blant pendlingskommunar nær mindre byar (C2) ligg Bømlo, Hå og Flatanger i toppsjiktet av 30 kommunar i gruppa. Av desse har Bømlo og Hå større folketal enn dei andre kommunane i denne gruppa, og har ein yngre befolkning enn dei fleste andre kommunane. For øvrige indikatorar er biletet i denne gruppa svært variert. Til dømes at Flatanger, med 1 100 innbyggjarar, ligg i teten skuldast høg sysselsettingsgrad og auke i lønsinntekter, samt høg KIBS-andel. Dette er nok knytta til kommunen si satsing på havbruk og turisme.

- Me vonar denne rapporten kan vere eit bidrag i arbeidet med å identifisera styrker, å jobba effektivt med utfordringar og utvikla meir robuste og dermed meir framtidssikre kommunar, skriv Foseid i forordet til rapporten.

Til toppen