Bømlo har den klart største auken i folketalet av alle Sunnhordlandskommunane. Me er no 12 299 bømlingar.
Ved utgangen av 3. kvartal er folketalet 12 299, som er ein auke hittil i år på 167 personar (1,4%). Hovudårsaka er netto innvandring frå utlandet med pluss 141, eit fødselsoverskot på 16 og innanlandsk tilflytting med 10 personar. Me var 12 243 bømlingar per 30. juni 2023.
Les også: Innvandring aukar folketalet i Bømlo
Folketalsvekst 3. kvartal - SSB.
Sist endra 16.11.2023 20:36