Borna hjelper brannvesenet å trygge jula

Bømlo brann og redning skal i november undervisa elevar på femte trinn i grunnleggjande brannvern og dela ut Brannvesenets julekalender. Den inneheld eit av adventstida sine viktigaste bodskap: Korleis få ei trygg og brannfri høgtid. Kampanjen vart starta opp på Meling skule.

Born syner fram julekalender for brannfri adventstid. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Me er ikkje åleine om denne viktige førjulskampanjen. 54 brannvesen er med på Brannvesenets julekalender. Barneskoler i kommunar frå Alta i nord til Kristiansand i sør får dermed delta i det me meiner er den aller viktigaste julekalenderen, fortel rådgjevar Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.

 

Farlegast heima

Det er dessverre ikkje utan grunn at så mange brannvesen set av store delar av november til å besøkje skulane i sine områder. Dei fleste brannar oppstår i bustader og me står nå framfor ei travel og kald adventstid: Me fyrer i peis og omn, lager meir mat enn vanleg, pyntar med stearinlys og overbelastar det elektriske anlegget med julelys i alle variantar

 

Filmar frå heile landet

Julekalenderen er bygd opp på tradisjonelt vis med luker som skal opnast kvar dag. Bak kvar luke finn borna ei nettadresse til dagens luke i den tilhøyrande nettkalenderen www.brannvesenetsjulekalender.no. Bak lukene i nettkalenderen ligg konkurransar, oppgåver og filmsnuttar. Filminnslaga er frå brannvesen og born frå ulike stader i Norge, og alle innslag handlar sjølvsagt om brannførebygging.

 

Born er gode ambassadørar

Brannvesenet ønsker å presisere at det er dei vaksne sitt ansvar å passa på at sløkkjemiddel og røykvarslarar er på plass og at brannfarleg pynt og dekorasjon ikkje blir brukt. Men brannvesenet er mykje i kontakt med born elles i året og har god erfaring med denne målgruppa som holdningsambassadørar i hus og heim.

 

Ta kontakt for meir informasjon og for å bli med på skulebesøk:

Bjørn Hroar Sortland
rådgjevar Bømlo brann og redning
Dir. tlf: 53 42 31 22
Mobil: 917 14 199

 

Sist endra 27.11.2018 12:28
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 22
Mobil:
917 14 199
Tittel:
rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering