Brannfaren er ikkje over

- Me har ikkje hatt noko nedbør av betydning og minnar difor om at brannfaren ikkje er over, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning.

Fram til det kjem nedbør av betydning er det fare for lokale skog- og lyngbrannar. Ver difor forsiktig med open eld.

- Me tilrår bruk av eingangsgrillar kun på eigna underlag som ikkje tek fyr, t.d stein eller sand. Dei må ikkje vere i nærleiken av noko som kan ta fyr, t.d eit skogholt eller grasbakke, sier brannsjef Ove Halleraker. 

Brannsjefen minnar difor om reglane som gjeld og generelt bålforbod som gjeld til 15. september.

Skal du fyre opp bål må du registrere det på eige skjema.

Registrer bål her 

Vakthavande befal Brann og redning 958 48 007

Til toppen