Brannstasjon på BUS-tomta

Bømlo formannskap vedtok med 7 mot 2 røyster å plassera ny brannstasjon på tomta til gamle Bremnes ungdomsskule (BUS). Høgre sitt framlegg om plassering på gamle prestebustadtomta fekk berre deira eigne røyster. Kommunestyret avgjer saka på sitt neste møte 1. april.

Formannskapsmedlemer vert orientert. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning heldt ei orientering for formannskapet i forkant av møtet. Han understreka at ny brannstasjon må liggja i sentrum for å innfri kravet til innsatstida på 10 minuttar. Rådmannen hadde i sitt saksframlegg peika på både BUS-tomta og Prestebustad-tomta som dei mest aktuelle med omsyn til innsatstid opp mot det viktigaste brannobjektet Bømlo bu og helsesenter. Rådmannen tilrådde BUS-tomta.

 

Formannskapet vedtok samrøystes å gå til innkjøp av ny og større redningsbåt til Bømlo brann og redning. Fartøyet skal eigast og driftast av kommunen, men vert eit økonomisk samarbeid med sentrale verksemder innan havbruk. Kostnadsramma er sett til 1,6 millionar kroner. Sjå saka her.

Sist endra 05.03.2019 11:29
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering